i samarbeid med ABC Startsida
Tema: Media, Nynorsk, Terroråtaket 22/7-2011, Frode Grytten
Ikkje berre har dei redaksjonelt forbod mot nynorsk: VG Nett omsette minnediktet til Grytten til bokmål.
NPK
måndag 23. juli 2012 12.58
IKKJE OVERRASKA: Frode Grytten er ikkje overraska over å bli omsett til bokmål. Foto: Hans Jørgen Brun
Forfattar Frode Grytten hadde laga eit dikt på nynorsk til minnemarkeringa etter terrorangrepa. Då diktet blei presentert på VG Nett, hadde avisa omsett diktet til bokmål.
– Dette er ikkje overraskande, seier Grytten til NRK.no. Han meiner VG aldri har sett stordomen i nynorsk og at dei ikkje lèt målforma få sleppe til på det redaksjonelle planet.
– Det heile er skuffande og vitnar om tankeløyse, seier Grytten.
Kari Tone Sperstad, nyheitsleiar i VG Nett, seier at redaksjonen følgde TV-sendinga frå minnekonserten og skreiv ned diktet direkte derifrå.
– Frå vår var det ikkje vore noko medvite val at diktet blei omsett til bokmål, hevdar ho.
Likevel tok VG Nett kritikken til seg, og oppdaterte nettsaka med den nynorske originalversjonen av diktet.
Les meir: VG-redaktør vil ha nynorsk