Verdsøkonomien vart litt grønare i fjor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdsøkonomien vart litt mindre karbonintens i 2014, men nedgangen er langt frå nok til halde skjemaet og nå togradarsmålet til FN, skriv PwC i ein ny rapport.

Den såkalla karbonintensiteten – utslepp av drivhusgassar per dollar brutto nasjonalprodukt (BNP) – fall med 2,7 prosent i fjor, ifølgje rapporten. Nedgangen er den største sidan revisorfirmaet begynte med sine rapportar for sju år sidan.

– Tala frå 2014 antydar eit vendepunkt mot å gjere vekst mindre avhengig av fossilt brensel, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: Kan kua berge klimaet?

Ei karboneffektivisering på 2,7 prosent er likevel langt frå nok til å bremse den globale oppvarminga i tråd med FN-målet om at temperaturen på kloden ikkje skal auke meir enn 2 grader. For å klare det målet, må karbonintensiteten kuttast med 6,3 prosent per år.

Blant G20-landa var Storbritannia flinkast til å avgrense utsleppa og kutta intensiteten med 10,9 prosent. Også Frankrike, Italia og Tyskland hadde ein solid reduksjon.

Mens BNP-veksten var på 3,2 prosent i 2014, auka karbonutsleppa med berre 0,5 prosent, ifølgje PwC-rapporten.

Sidan 2000 har karbonintensiteten i gjennomsnitt gått ned med 1,3 prosent i året. Dersom den takten fortset, vil vi allereie i 2036 ha «brukt opp» alt karbonet som kan sleppast ut utan å overstige togradarsmålet. (©NPK)

LES OGSÅ:– Kan drita i å snakka om togradersmålet