Ventar auka arbeidsløyse

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forventingane i årets Næringsbarometer er dei lågaste sidan 2009. Med unntak av varehandelen fell forventingane i alle næringar. Ikkje uventa er næringslivet særleg avventande til å gjere nye investeringar i år. Det er fleire som ventar at investeringane vil bli lågare i 2015 enn dei har vore siste året.

Tenesteyting
– Verksemdene i industrien og i finansiell og forretningsmessig tenesteyting kjem dårlegast ut i årets barometer, kjem det fram i ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune. Sistnemnde er den næringa med størst nedgang i forventingane samanlikna med i fjor. Nedgangen i petroleumssektoren verkar truleg inn, ettersom desse næringane har ein større prosentdel verksemder som leverer varer og tenester til oljesektoren enn andre næringar.

LES OGSÅ: – Verv viktigare enn karakterar

Todeling
Den todelinga som lenge har prega næringslivet i Hordaland er meir eller mindre viska ut i årets barometer. I fleire år har den delen av næringslivet som har vore knytt til petroleumssektoren hatt høgare forventingar til framtidig vekst enn selskap utan tilknyting denne sektoren. Næringsbarometeret viser at forventingane fell mest blant verksemder med petroleumsrelatert omsetnad, og ligg no omtrent på same nivå som forventingane i resten av næringslivet. Verksemdene bur seg med andre ord på lågare etterspurnad frå kundane i petroleumsnæringa. Halvparten av dei som leverer til petroleumsnæringa ventar at ordretilgangen derfrå vil gå ned i løpet av 2015.

Regionar
Det er også dei regionane som er tettast knytt mot olja som har den svakaste utviklinga. Særleg Bergensregionen fell kraftig samanlikna med i fjor. Nordhordland og Hardanger/Midthordland kjem betre ut.

Styrke eksportverksemder
Biletet er likevel ikkje heilsvart. Lågare oljepris kan styrke konkurranseutsette eksportverksemder, og Næringsbarometeret viser at éi av tre verksemder ventar å auke eksporten i 2015. Det ligg heller ikkje an til store nedskjeringar i arbeidsstokken samla sett. Sjølv blant verksemdene som er mest avhengig av inntekter frå oljesektoren, er det berre eit mindretal som ventar å redusere talet på tilsette.

Tek grep
Samtidig viser Næringsbarometeret at næringslivet tek grep for å møte utfordringane. 40 prosent av bedriftene melder at dei satsar meir på ulike omstillingstiltak no enn for eitt år sidan. Innanfor industrien gjeld det halvparten av bedriftene. Meir satsing på kompetanseheving, produktutvikling og nye kundegrupper kan bidra til å dempe dei negative verknadene for mange verksemder.