Venta på Emmeli i ni lange år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i Nordhordland

Det er snart to år sidan. Den femte november 2012 vart ein varm, nyfødt liten kropp funnet forlaten i byen Yangxi i Sør-Kina. Det vesle mirakelet vart oppdaga i ei bakgate, ikkje langt unna barneheimen Yangxi Sosial Welfare. Ingen eigendelar, brev eller teikn frå foreldra låg ved sidan det to dagar gamle barnet. Heilt åleine i den store, vide verda. Dette vesle mennesket heiter Emmeli. I dag er ho ei livsglad, aktiv og frisk jente, som bur på Lindås. Ho har nettopp fått ei mamma, pappa og storebror. Dei har lengta etter ho lenge før ho vart fødd.

LES OGSÅ: Levde med dobbelt sett foreldre

Komplikasjonar
– Vi er utruleg heldige og takknemlege. Vi føler oss rike, som har fått Emmeli i livet vårt, seier Tone Torvund, som nettopp har vorte tobarnsmor.

Pappa Bjørn Kårdal sit i enden av sofaen med ein hand på fanget, og den andre under haka. Han ser ømt bort på dotter si, som spring rundt på golvet. Ho bablar noko som liknar kinesisk, medan ho smiler og strekk henda i været. Smilet skin om kapp med sola, og dei smale auga lyser opp heile rommet. Sjølv om den vesle jenta enda ikkje har fylt to år, har familien Torvund Kårdal venta på ho mykje lenger enn det. Det heile starta i 2005.

– Det skjedde komplikasjonar under fødselen av Leander som gjorde at eg allereie då visste at eg ikkje kunne få fleire biologiske barn.

LES OGSÅ: Passiv adopsjonspolitikk

Dukka opp ting heile tida
Då Leander var to år, vaks det fram eit stort ønske om endå eit barn. Det tok ikkje lang tid før dei fann ut at adopsjon var eit fint alternativ, men det var berre ein liten ting som måtte gjerast først, dei måtte gifta seg. Og slik vart det. Dei starta prosessen med giftarmål. Bryllaupet stod i juli 2005, og allereie i august var dei første adopsjonspapira sendt inn. Prosessen var i gong. Noko som skulle visa seg å verta ein hjarteskjerande lang prosess.

– Vi fekk beskjed om at det kunne ta opp mot to år, men det har heile tida dukka opp ting som har gjort at prosessen har vorte utsett. Det kom på eit punkt nye reglar, samtidig som Kina som adopsjonsland vart ekstremt populært. Alle desse tinga førte til at veker vart til månader, og månader til år, fortel Bjørn medan han rynker panna og ser ned i golvet.

– Men vi har aldri angra. All frustrasjon, lengsel og venting har vore verdt det. Berre sjå på kva vi fekk til slutt, seier Tone med kjærleik i auga.

Adopsjon3

Storebror Leander synest det er kjekt å endeleg få søsken. Vi leiker saman kvar dag, og det er gøy, seier han. Foto: Irene Bratteng Jenssen

LES OGSÅ: Set Jesus framføre familien

«Ride, ride, ranke»
Emmeli vil «ride, ride, ranke» på foten til mamma. Ho mor er ikkje er vond og be når vetlemor spør. Eit gledeshyl fyller rommet, og latteren kjem like etter.

I juni kom den store dagen dei så lenge hadde venta på. Dei fekk vita at det var akkurat Emmeli dei hadde venta så lenge på. Tildelinga. Noko som er så nært ein kan komma ein fødsel, utan å føda. Tone hugsar dagen som om det var i går. Ho hugsar klokkeslettet. På minuttet.

– Eg sat på lunsjrommet på jobb, saman med kollegaene mine. Plutseleg ringde telefonen, og då eg såg det var eit østlandsnummer sprang eg inn på kontoret. Då dama i den andre enden fortalde at dette var dagen vi hadde venta på i ni år, brast eg ut i gråt. Eg klarte ikkje å få fram eit ord. Eg skreiv ned det eg klarte å få med meg, medan eg gråt av glede. Det var ein stor dag. Ein gleda si dag.

LES OGSÅ: Fekk hjelp til å skjerma borna

Eit fly på veg mot Kina
To veker seinare sat heile familien på flyet på veg mot Kina og Emmeli.

– Det var mange tankar som fòr gjennom hovudet mitt då vi sat på flyet. Eg gleda meg enormt til å møta jenta vår for første gong, men eg var også utruleg spent. Eg var redd for at eg skulle besvima, grina ukontrollert eller ikkje klara å beherska meg. Magen var heilt ute, det kom ekstremt mange kjensler på ein gong. Eg visste ikkje korleis eg skulle takla det.

21 juli, på Tone og Bjørn sin bryllaupsdag, vart livet deira forandra for alltid. Det var dagen dei fekk møta den vesle jenta si for første gong. Det var ein klam og varm sommardag. Sola steikte, og det var ikkje eit vindpust å kjenna. Tone, Bjørn og Leander vart henta av taxi og køyrt til eit kontor, kor dei skulle få møta ho for første gong.

På adopsjonskontoret fekk dei beskjed om å sitja seg i ein sofa og venta. Venta på det første møtet. Plutseleg kom det ei dame inn i rommet, med Emmeli i armane sine.

– Eg kjende ho igjen med det same, og det var ei fantastisk kjensle. Eg hadde vore redd for at eg ikkje ville kjenna ho att.

LES OGSÅ: Meir trendy enn Louis Vuitton

Ønskebarnet
Vesle Emmeli grein, og mamma Tone tok ho opp i armane sine. Sidan det minuttet var ho deira for alltid.

Dagslyset er i ferd med å svinna. Om kort tid vert det heilt mørkt. Emmeli strekk armane sine mot mamma, som løfter opp den vesle kroppen, og held den tett inntil seg. Vinden uler utanfor. Hausten har komme for fullt. Tone nynner stille i øyret til Emmeli, medan ho voggar roleg og forsiktig.

Dei har venta i ni år på dette. Endeleg er ho her, ønskebarnet.

LES OGSÅ: Nominert til prestisjepris