Venstre og KrF avviser Listhaugs bondediktat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Venstre og KrF avviser Listhaug

Tilbodet frå regjeringa til bøndene om ein auke på 150 millionar kroner frå i fjor utgjorde berre 10 prosent av kravet frå bøndene til den nye landbruksavtalen.

Etter brotet Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag tysdag, er Listhaug klar for å senda tilbodet til handsaming i Stortinget.

Men der møter forsøket hennar på diktatløysing ei kald skulder frå samarbeidspartia.

– Norsk landbruk er så viktig at Listhaug må setja seg ned med organisasjonane på nytt, seier dei landbrukspolitiske talspersonane Pål Farstad i Venstre og Line Henriette Hjemdal i KrF.

Svartmåling

Språkbruken var krass då Listhaug møtte pressa saman med leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag og leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag tysdag.

Listhaug meiner organisasjonane svartmålar og feilinformerer når dei hevdar at tilbodet frå staten vil føre til eit inntektskutt for 80 prosent av bøndene.

– Det vil bli svekt dyrevelferd, auka bruk av antibiotika i dyrehaldet, auka matimport og dårlegare mattryggleik, åtvara Bjørke og Furuberg.

– Slutt med denne svartmålinga. Slutt å feilinformera, tordna Listhaug.

Reagerer på tonen

Bjørke seier til NTB at det var ei spesiell oppleving å bli skulda for å feilinformera.

– Eg har nok opplevd det tidlegare, men aldri frå ein statsråd. No har me gått etter fråsegnene, og eg er framleis heilt trygg på at me ikkje feilinformerer, sa han etter pressekonferansen.

Tidlegare landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) meiner Listhaug har gått over ei linje.

– Ho representerer ikkje berre seg sjølv, men heile staten. Det kan nok bli krasse ord i ein forhandlingssituasjon, men tradisjonelt har statsråden då vore den som held tilbake. Det er uklokt av Listhaug å skulda motparten for å lyga, spesielt når ho veit at ho ikkje har fleirtal bak seg i Stortinget, seier Vedum til NTB. (©NPK)

QUIZ:Kva veit du om norsk landbruk?