Venstre bryt budsjettforhandlingane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Venstre bryt med regjeringa

Det kunngjorde Venstre i ei skriftleg utsegn tysdag ettermiddag.

– Årsaka til brotet er at regjeringspartia ikkje har vore villige til å forhandle om viktige delar av statsbudsjettet, spesielt om tiltak for å redusere Noregs klimagassutslepp i tråd med våre forpliktingar i Parisavtalen, skriv Venstre.

– Ikkje oppfylt løfte
Forhandlingane har halde på sidan 2. november.

– Vi fekk i fjorårets budsjettavtale eit løfte av Erna Solberg og Siv Jensen om eit grønt skatteskifte som skulle gje betydeleg kutt i klimagassutsleppa, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

– Det var ei konstruktiv løysing som redda fjorårets budsjett. Sidan den gang har vi fått Parisavtalen, og statsministeren har lova FN, på vegner av heile Norge, at vi skal oppfylle vår del av den avtalen, legg ho til.

Men Venstre meiner no at regjeringa dessverre ikkje har følgt opp desse løfta i statsbudsjettforslaget for neste år som ho har lagt fram for Stortinget.

Bilpakke
I forhandlingane er det særleg det mykje omtalte ultimatumet frå regjeringa når det gjeld bilavgifter som har skapt problem.

I den såkalla bilpakken vert avgiftene på bensin og diesel auka noko, men ikkje så mykje som Venstre ønskjer. I tillegg vert bilistane kompensert med bompengekutt, auka pendlarfrådrag og redusert årsavgift.

Regjeringspartia har stått hardt på at bilpakken ikkje skal rørast i forhandlingane, og dette fekk til slutt Venstre til å bryte samtalene.

Grande held fast på at Venstre ikkje kan akseptere at «Frp legg ned veto mot ein miljøpolitikk det er fleirtal for i Stortinget, og som statsministeren nasjonalt og internasjonalt har tala varmt for».

KrF bestemmer seg onsdag
KrF skal i ekstraordinært gruppemøte onsdag bestemme seg for om dei skal bryte budsjettforhandlingane, slik Venstre har gjort.

Det opplyser KrFs kommunikasjonsrådgjevar Dag Fedøy til NTB.

– Vi jobbar internt no. På gruppemøtet i morgon vil vi ta stilling til saka, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Søndag åtvara Knut Arild Hareide regjeringa mot å ta KrF for gitt