Velkommen til regjeringas julebord

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringas julebord

Det er den tida på året igjen. Norge vinn handballkampar. Landets musikk-kritikarar lager lister der det går fram at det også i år er gamle og triste artistar som har laga den beste musikken. I år er faktisk eit endå betre år enn vanlig, sidan mykje av den beste musikken i år er laga av artistar som ikkje berre er triste og gamle, men triste og døde.

Og dette er også tida for regjeringas tradisjonsrike julebord, som i år er meir tradisjonsrikt enn nokonsinne. Tradisjonen tru, har eg også denne gongen fått tak i programmet for festen.

I år det er Sylvi Listhaug som har vore leiar i festkomiteen, fordi ho veldig gjerne ville. Dei andre i regjeringa har dessutan gode erfaringar med å ikkje legge seg altfor mykje oppi det ho driv med.

Det er også Listhaug som har skrive programmet for festen:

REGJERINGAS JULEBORD. PLAN FOR KVELDEN.

1900. Alle kjem til festlokalet og seier «God jul» til kvarandre. Ja, det gjer vi faktisk. Sjølv om den korrekte eliten sikkert synest vi heller burde seie «God desember» eller «God tra la la» eller «Hei» eller «Tudelu». Men vi skammar oss faktisk ikkje over arven vår og historia vår og dei vi er.

1915. Festkomiteens leiar skriv på Facebook at alle i regjeringa sa «God jul» til kvarandre, sjølv om den korrekte eliten sikkert synest vi heller burde seie «God desember» eller «God tra la la» eller «Hei», men vi skammar oss faktisk ikkje over arven vår og historia vår og dei vi er.

1916. Vi ventar i fellesskap på dei hissige tilbakemeldingane frå skodespelarar, kommentatorar og andre kulturarbeidarar som aldri lærer.

1918. Vi ler litt av desse som aldri lærer.

1925. Når innlegget er delt tusen gonger og ein skodespelarar har mista fatninga på radio, går vi til bords.

1926. Vi går til bords. Komitemedlem Jan Tore Sanner foreslo å slå saman alle borda, men dette blir det ikkje noko av. I staden vil det bli eit par langbord, tre-fire halvstore bord og nokre einmannsbord. Ein del av borda vil også bli flytta litt fram og tilbake undervegs. Det er dekt på med grøne serviettar. Gratulerer til Venstre som fekk gjennom dette i forhandlingar med arrangementskomiteen. Flinke!

1930. Velkomstskål. Tale ved festkomiteens leiar, der det blir gjort greie for at årets regjeringsjulebord er for regjeringspartia og partnarar og ingen andre, sjølv om dei korrekte kritikarane frå eliten sikkert skulle ønske at alle slapp inn på dette julebordet, og at det offentli ge betalte heile greia.

1935. Talen blir lagt ut på Facebook.

1940. Vi ventar i fellesskap på dei hissige tilbakemeldingane frå politikarar, forfattarar, reklamefolk, kommentatorar og andre som aldri lærer. Når innlegget er delt 1000 gonger og nokon har sagt «kvalmende», fyller vi på i glasa.

1945. Vi ventar litt til på at debatten skal snu og at konservative kristne skal begynne å raljere over kommentatorane og kulturfolka på venstresida som ikkje kan unne Listhaug og regjeringa ei tradisjonell julefeiring eingong. Når innlegget er delt to tusen gonger og Vebjørn Selbekk trur han har sagt noko morsomt, blir maten servert.

2030. Etter maten blir det takk-for-maten-tale ved festkomiteens leiar, der ho gjer greie for at ho faktisk ikkje har tenkt å be om unnskyldning for at det blei servert tradisjonell norsk julemat med både gris og alkohol.

2035. Talen blir lagt ut på Facebook.

2037. Vi ventar på reaksjonane frå alle som aldri lærer.

2039. Vi ler litt.

2045. Når innlegget er delt tre tusen gonger og Per Fugelli har sagt «flokken», er det dans.

2100. Vi stenger dørene og held på med vårt.

God jul! Ja, det seier eg faktisk.


Først publisert i Aftenposten 17. desember.

Fekk du med deg denne populære Kalvø-teksten om Listhaug/Joner-krangelen? «No er vi lei alle desse flinkisane!»