Veljarane straffar blakke ordførarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Straffar blakke ordførarar

Det kjem fram i ein ny studie frå Norges Handelshøgskole i tidsskriftet Public Choice.

Robek står for «Register om betinget godkjenning og kontroll», og er ei liste over kommunar som må søkja staten om godkjenning av nye lån og leigeavtalar.

– Dersom ein kommune hamnar på Robek-lista i ein periode, fell ordførarpartiet i denne kommunen med tre prosentpoeng i neste val, seier postdoktor Arnt Ove Hopland ved Institutt for Foretaksøkonomi og NoCeT til forskning.no.

– Det er knappe 10 prosent av gjennomsnittleg oppslutning for ordførarpartiet, som pleier å liggja på i overkant av 30 prosent, seier Hopland.

Sannsynet for attval for ordføraren går også ned, frå om lag 60 til 50 prosent. Hopland trer presset som oppstår gjennom media, og at det sittande ordførarpartiet blir upopulært blant veljarane, kan virka som ei årsak til at kommunane som hamnar på Robek-lista faktisk skjerpar seg.