– Vedfyring farlegare enn utslepp frå bilar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1.700 nordmenn døyr for tidleg kvart år som følgje av svevestøv frå vedfyring, ifølge EEA.

– I norske byar er vedfyring det viktigaste tiltaket ein kan gjere noko med, seier seniorforskar Christina Guerreiro ved Norsk institutt for luftforsking til NRK.

Nye utrekningar frå det europeiske miljøbyrået viser at rundt 2.000 nordmenn døydde for tidleg i 2012 grunna luftforureining. Over 80 prosent av dødsfalla kom ikkje av nitrogendioksid frå dieselbilar. Det mest finmaska svevestøvet kjem frå vedfyring.

– Partiklane går ikkje berre inn i lungene, dei går også over i blodsirkulasjonen og påverkar det kardiovaskulære systemet (hjartet/blodårer), opplyser Guerreiro. (©NPK)