Varslar britisk storsatsing på solenergi

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Britane satsar på sola

Fleire millionar skal få solcellepanel på taka sine i Storbritannia, om den nye energi- og klimaendringsministeren Amber Rudd får viljen sin, skriv The Telegraph

Etter at David Cameron og Dei konservative fekk sikra reint fleirtal i det britiske parlamentet, har statsministeren annonsert si nye regjering steg for steg. Klimaministeren vart Amber Rudd, noko fleire miljøgrupper har ønska velkommen, då Rudd er kjend for å ha ei positiv innstilling til fornybar energi.

LES OGSÅ: The Guardian: Største overrasking sidan 1945

No skal fleire britiske tak vera med på laget – det skal lønna seg å installera solcellepanel på taket sitt, ifølgje Rudd.

– Ambisjonane for den nye rolla mi er ganske enkle: Å halda lyset på og CO2-utslepp nede, samstundes som forbrukarane sparar pengar på straumrekninga, sa Rudd til lokalavisa Hastings & St. Leonards Observer i eit intervju.

Det lønnar seg allereie å setja opp solcellepanel i Storbritannia – og så mykje som 640 000 heimar har det på taket sitt allereie – men no skal det satsast meir. Frå før kostar den britiske solcelle-satsinga staten over 800 millionar pund i subsidiar kvart år, ifølgje The Telegraph, mykje grunna ein solid oppsving i starten då programmet vart lansert av den tidlegare regjeringa. Det var langt meir enn venta for den sitjande regjeringa.

LES OGSÅ: Noreg kan konkurrera med Kina på solceller