Varemerke som set varig merke

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ytringa var først publisert på Ivar Aasen-tunet sine nettsider.

Du kan kalle det opp etter deg sjølv, lage ein fiks ordkombinasjon eller kome opp med eit heilt nytt namn. Om oppfinninga verkeleg er god, kan det namnet du vel i neste omgang definere ei heil produktgruppe med kopiar frå andre produsentar også. Det er faktisk ikkje så heilt uvanleg.

I språkvitskapen kallar ein det deproprialisering når produktnamn blir allmennord, og ein skal ikkje reise langt her på Sunnmøre for å finne gode døme. Visste du at stillongs eigentleg er eit varemerke? Stil var opphavleg namnet på ein undertøysserie frå Knut Stoknes trikotasjefabrikk i Ålesund, og longsen var ein del av den serien. Produktet blei så einerådande på marknaden at Stil-longs blei ei nemning for alle lange underbukser, eller strømpebukser til vinterbruk.

Eit anna ålesundsfirma, Brødr. Sunde AS, har gitt eit meir folkeleg namn til ekspandert polystyren, nemleg isopor. Noko som er lurt å ha i grunnen når du skal byggje hus.

Det er ikkje like godt å setje tennene i isopor som i potetgull. Men det er faktisk berre posane til Maarud som inneheld potetgull, dei andre produsentane må nøye seg med å skrive låneordet chips på posane. Vi som et det, kallar det gjerne potetgull likevel.

Skal du ut på skogstur med familien, kan det vere lurt at ungane har på seg vasstette og fôra støvlar, eller Cherrox som det gjerne blir kalla. Det kan også vere godt å ha med litt varm kakao eller kaffi i sekken. Den held seg varm i ein termos, eller ein original Thermos.

Termosen kjem frå USA, og der snik gjerne varemerka seg endå lenger inn i språket. Dei blir ikkje berre substantiv, men også verb. Når ein amerikanar skal kopiere eit dokument, seier dei at dei skal «Xerox it». Det same gjeld støvsuging, der «hoovering» er eit allment brukt omgrep. Den første støvsugaren som blei produsert var ein Hoover, og det er framleis eit stort støvsugarmerke. Ein av grunnane til at dette også blei eit mykje brukt verb, er nok at det er enklare å seie «hoovering» enn «vacuum cleaning».

George Yule skriv i The Study of Language at dette like gjerne kunne vore kalla «spanglering», på grunn av at den eigentlege oppfinnaren av støvsugaren var J. Murray Spangler. Han gjekk til William Hoover med ideen, og difor er det hans namn og ikkje oppfinnaren sitt som har teke steget inn i dei engelske ordbøkene.

Det er ikkje like mange døme på norsk på at varemerke leier til eit verb. Men det finst. Ein kan like det eller ikkje, men det blir i alle fall stadig færre som seier at dei skal «søke det opp på internett».