Vann historisk siger mot nye fråværsreglar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag bestemte Arbeidarpartiet seg. Det blir ikkje ei ny grense på ti prosent fråvær i kvart fag på vidaregåande. Sentrumspartia hadde allereie sagt at dei ville støtta framlegget til SV om å droppa fråværsreglane.

– Eg må ærleg innrømma at dette kjennest utruleg merkeleg, men på ein god måte. Eg har jobba utruleg mykje med denne saka, spesielt dei siste månadane, og måtte faktisk tørka ei tåre då Nicholas Wilkinson (leiar i SU) ringte meg for å gi meg den gode nyheita. Eg var på veg til Bergen på styremøte i Hordaland  SU og kan mildt sagt seia at me jubla då eg kom fram.

Opptil 10.000 elevar var med på elevstreiken 11. mai, som blei starta etter initiativ frå Stord SU.

– Kva seier dette om kva eit lokallag av eit ungdomsparti kan få til?

– Dette er eit prakteksempel på korleis SU jobbar frå grasrota og opp, og at det faktisk når fram heilt til Stortinget. Kva er vel eit ungdomsparti utan lokallagsmedlem? Utan lokallag hadde det ikkje vore fylkeslag og heller ikkje eit sentralstyre. 

Les også: Fastlege om nye fråværsreglar: – Rein idioti

– Har ikkje sove sidan mars
Anna Sofie byrja å jobba med saka då ho fekk vita om fråværsgrensa i byrjinga av 2015.

– Sjølve streiken starta eg med i oktober 2015. Frå den tid til i dag har eg brukt så og sei all tid eg har på dette. Men dei siste månadane ha det tatt heilt av. Eg har ikkje sove sidan mars, men det har absolutt vore verdt det. 

– Kva gjer dette med motivasjonen til å driva med politikk vidare?

– Dette har verkeleg blitt eit skikkeleg «boost» for å halda fram med det politiske arbeidet. Det kan bli litt demotiverande å jobba og jobba og jobba med saker, men ikkje få gjennomslag, så når me då faktisk har slått gjennom og starta ei rørsle av denne størrelsen, blir eg absolutt motivert. 

DEBATT: Fråværsgrensa blir ein motivasjon

Melde seg inn som 11-åring
Anna Sofie Ekeland Valvatne melde seg inn i Sosialistisk Ungdom i 2009 då ho var 11 år.

– Ein kan eigentleg ikkje melda seg inn før ein er 13, men eg sendte inn klage på at eg ikkje kunne melda meg inn, og så fekk eg lov, fortel ho.

Kva er neste sak du vil ta tak i?

– Ei av mine hjartesaker er skulepolitikk, så eg kjem til å halda fram med å arbeida med det. Eg vil til dømes fjerna eksamen, betra skulehelsetenesta, og sørgja for at skulen faktisk er for ALLE.

LES OGSÅ: Elevorganisasjonen om nei til nye fråværsreglane: – Historisk

Faktaboks

• Frå hausten ville Kunnskapsdepartementet innføra ei ny, nasjonal fråværsgrense på 10 prosent, med unntak for dokumentert gyldig fråvær.
• Gyldig fråvær skulle vera helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte og representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
• Avtale om sjølvstendig studiearbeid og skuleadministrativt arbeid ville heller ikkje bli rekna som fråvær.

Anna Sofie Ekeland Valvatne (18)
Leiar i Stord SU og styremedlem i Hordaland SU.
Leiar i Stord ungdomsråd og elevrådsleiar ved Stord vidaregåande skule.
Går i andreklasse på media og kommunikasjon.