Utval vil la politiet prøva ut elektrosjokkvåpen

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utvalet som har vurdert væpning av politiet, ønskjer uvæpna politi i Noreg, men foreslår utprøving av elektrosjokkvåpen.

– Utvalet anbefaler at elektrosjokkvåpen blir utprøvd slik at politiet i patruljerande teneste får eit nytt taktisk våpen som er mindre dødeleg enn skytevåpen, sa utvalsleiar Anne Kari Lande Hasle då ho la fram rapporten til væpningsutvalet onsdag formiddag.

Saman med fire andre utvalsmedlemmer utgjer ho fleirtalet som har anbefalt ei vidareføring av ordninga med uvæpna politi.

Utvalet har eit klart inntrykk av at politiet generelt har meint at den mellombelse væpninga som er blitt vidareført til saman åtte gonger dei siste åra, har fungert godt.

At det generelt er få negative tilbakemeldingar frå publikum har likevel ein årsak, meiner utvalet. Intervju har vist at fleire har opplevd terskelen for å ta kontakt med politiet som høgare, og Hasle viste også til at fleire opplevde politiet som meir aggressive.

– Spørsmålet om væpning angår mange, både polititenestepersonar og alle innbyggjarane i ein stat. Spørsmålet handlar om statens legitimitet i befolkninga, kva makt staten skal kunne bruke mot innbyggjarane og når den kan brukast, sa Hasle.

Utvalet ønskjer også ein auke i talet på tilgjengelege og responderande politipatruljar i politidistrikta og kjem med ein rad andre anbefalingar.