Utøya er framleis vår øy

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nymoen Eikre (19) vart medlem i AUF for to år sidan og deltok på sin første leir på Utøya sommaren 2010.

– Utøya snudde livet mitt opp ned, seier ho.

Døropnar for politisk engasjement
Den nyvalde leiaren i Hallingdal AUF kjende ingen då ho steig i land på Utøya første gong, sommaren 2010.

– Eg tok ferja over og fomla rundt med sekken på ryggen og teltet under armen.

Til slutt fann ho fram til Buskerud-leiren og slo opp teltet. Ungdomsleiren vart ein døropnar for eit sterkare politisk engasjement og opna eit nettverk for Mari Nymoen Eikre.

– Det var ei fantastisk veke. Fint vêr, bading, fotball, volleyball, speeddating, konsertar og politisk debatt med Jens Stoltenberg, Raymond Johansen og masse bra folk, fortel ho.

Dei første skota
– Utøya sommaren 2011 starta endå betre enn eg hugsa det frå året før, seier ho.

Det er likevel ikkje dei gode minna som står att.

På ettermiddagen samla ungdomane seg i Storsalen, der AUF-leiar Eskil Pedersen informerte deltakarane om terrorbomba som hadde gått av i regjeringskvartalet i Oslo.

Kort tid etter, kunne dei høyre dei første skota.

Mari var inne i Storsalen då panikken braut ut. Ho sprang og gøymde seg og berga livet ved å klore seg fast til ei fjellhylle nær vatnet.

– Han stod rett over meg og skaut over ryggen min og ned i vatnet. Det var nære på. Tre av dei eg gøymde meg med, vart trefte, fortalde ho til Hallingdølen i sommar.

Både ho, broren, Sander (17), og stesøstra, Maren Lie Gram (19), var av dei heldige som overlevde. Sander berga seg ved å symje i land, mens kulene plaska i vatnet rundt han.

69 mista livet og 60 vart skadde på Utøya den ettermiddagen.

Tilbake i kvardagen
For dei som overlevde infernoet, var det ei tid for å sørgje over dei som vart borte.

– Det blir ikkje rett å sei at det er fint å vere i ei gravferd, men det gjer det lettare å leggje bak seg, seier ho.

Mari brukte tida etter terroråtaket til å vere saman med venner og å delta på minnemarkeringane og samlingane for dei overlevande. Ho hadde nettopp flytta til Oslo for å studere kinesisk. I staden for å reise heim til Hemsedal, valde ho å bli i Oslo. Det var her ho hadde nettverket i AUF.

– Eg tenkte at det var viktig å kome i gang med kvardagen her, seier ho.

Budde på nattbussen
Mari Nymoen Eikre opplever først og fremst at dei rystande hendingane 22. juli har skapt sterke band mellom dei som overlevde terroren.

– Det har nok ført til at eg har blitt sterkare knytt til folka rundt meg. Men det har ikkje ført til at eg har blitt meir politisk engasjert. Motivasjonen min var på topp frå før. Eg var like aktiv i AUF før 22. juli. I vår var eg så ofte på møte i Drammen, at eg så å seie budde på nattbussen mellom Drammen og Hemsedal. At eg no har flytta til Oslo, har gjort det enklare for meg å vere med der det skjer. Det er fint å kunne vere med på å planleggje og arrangere møter. Og det er godt å ha eit fellesskap å dele engasjementet med, seier ho.

Kasta rett ut i valkampen
Drapsmannen har fått stor plass i media. Det går knapt ein dag utan at det er bilete av Anders Behring Breivik i norske aviser. Mange overlevande, etterlatne og pårørande har reagert på biletbruken og omfanget i pressa si dekking av saka. Mari seier ho kikkar på avisframsidene, men er selektiv med kva aviser ho vel å opne.

LES OGSÅ: Viljar vann valet – og livet

– Eg prøver i staden å bruke energien min på å drive med politikk og jobbe for dei sakene eg bryr meg om. Sjølv om terroråtaka førte til at valkampen vert utsett med nokre veker, vart me kasta rett ut i det. Det var etter kvart godt å kunne setje i gang med valkamp og studiar, og få nokre andre ting å tenkje på, seier ho.

Opposisjonspolitikk
I fjor vinter vart ho valt inn i fylkesstyret til AUF i Buskerud, og etter valet i haust var ho valt inn som vara i fylkestinget og fekk plass i hovudutval for utdanning i Buskerud fylkeskommune.

Det er nok av saker å engasjere seg i for ungdomspolitikaren. AUF-aren driv opposisjonspolitikk i høgrestyrte Buskerud fylke.

– Høgre har sett av null kroner på budsjettet til kulturkort for ungdom. Det betyr at rabattordninga på kulturarrangement blir lagt ned frå neste år. I tillegg ville dei leggje ned idrettslina på Rosthaug VGS. Heldigvis nådde me fram i kampen for å halde oppe idrettslina, seier ho.

Det er vår øy
Mange hadde venta at hendinga kom til å føre til at folk slutta opp om demokratiet ved å bruke stemma si under kommune- og fylkestingsvalet. Men det skjedde ikkje.

– Bodskapen frå alle partia under valkampen var at folk måtte bruke stemmeretten. Eg vart skuffa over at valdeltakinga var på knapt 70 prosent, seier ho.

Ho trur likevel at fleire ungdomar har blitt politisk engasjerte som ei følgje av hendingane i sommar. Dei politiske ungdomspartia merka ein straum av innmeldingar etter en terroråtaket.

– Eg mista mange venner på Utøya, men Utøya er framleis vår øy, seier AUF-leiaren frå Hemsedal.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!

Faktaboks

* Mari Nymoen Eikre (19) frå Hemsedal er leiar i Hallingdal AUF.

* Både ho og broren, Sander (17), overlevde terroråtaket mot ungdomsleiren 22. juli.

* I haust vart ho vararepresentnat for Ap til fylkestinget og fekk fast plass i hovudutval for utdanning.