Usikker? Vel utdanning som opnar dører

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vel utdanning som opnar dører

Er du blant dei som bit negler og riv deg i håret, medan du nistirer på «SØK HER à»-knappen på Samordna Opptak?

LES OGSÅ:  Torbjørn Røe Isaksen vurderte å bli prest

Reknar du poeng om att og om att, medan du lurer på om du skal bli noko kreativt innan media (arbeidsledig), eller kanskje høyre på mor og vert ingeniør eller sjukepleiar (ikkje arbeidsledig)?

På fredag går søknadsfristen for høgare utdanning 15. april ut.

Martin Fernø er forskar ved Institutt for fysikk og teknologi, ved Universitetet i Bergen. Han fekk tidlegare i år Meltzerprisen for unge forskarar. Her er hans råd for deg som slit med å velje!

Fernø har bachelor i fysikk, master i petroleumsteknologi og doktograd frå instituttet han no jobbar ved.

– Korleis tenkte du då du valde utdanning?

– Eg starta utdanninga på Universitetet i Bergen, innan matematikk og fysikk. Då eg skulle velje retning i mastergraden var eg innom fleire forskingsfelt med problemstillinger der eg kunne bruke kunnskapen og faga frå bachelor aktivt, fortel Fernø.

Han lot motivasjon og interesse styre vala.

– Det gjer eg framleis. Eg trur det er veldig viktig at du brenn for det du held på med, uansett kva det er. Ein kan skape interesse for det meste, sjølv ting ein ikkje visste noko om på førehand. Dette ser eg dagleg som rettleiar for masterstudentar og doktogradsstipendiatar, skriv Fernø i ein epost til Framtida.no.

– Kva råd har du til dei som slit med å bestemme seg?

– Dersom ein vurderer å ta høgare utdanning er ein i utgangspunktet i ein god posisjon, og det er opp til deg sjølv kva du gjer ut av det. Eg trur difor det er viktig at ein tenker og kva ein faktisk ønskjer, ikkje kva andre eller samfunnet fortel deg at du bør gjere. Er ein framleis usikker trur eg at det er lurt å ta val som i størst grad opnar nye dører framføre å lukke andre.

LES OGSÅ: Studentar vel dårlegare skular i utlandet

– Kor viktig har høgare utdanning vore for deg?

– For meg har det vore svært viktig sidan eg har haldt fram innanfor akademia etter endt utdanning. Dette var ikkje eit uttalla mål då eg starta på universitetet, men det vert veldig naturleg å satse mot ein karriere i akademia etter kvart som eg vert meir kjent med miljøet, skriv Fernø.

LES OGSÅ: Desse studentane fordjupar seg i miljøvenleg drivstoff