Urpremiere og idedugnad i Vinje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum som står bak arrangementa. Tilskipingane markerer fødselsdagen til forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje. Den 6. april var det 197 år sidan han blei fødd. Det blir no arbeidd for å skapa eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk i gamle Vinje skule til minne om den kjende språkmannen.

LES OGSÅ: Vinje kan få litteratursenter

– Treng gode råd
– Vi opnar dørene for at alle som vil, får seia sitt om kva Vinje-senteret bør bli, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Han seier at målet er å laga eit senter og museum som skil seg ut frå alt anna i Noreg og at det trengst gode råd frå mange.

Det er tredje gongen Nynorsk kultursentrum og Vinje kommune samarbeider om å feira dagen til AA.O. Vinje I år har arrangørane fått med seg to tidlegare journalistar frå Vinje: pensjonert NRK-journalist Bjørn Bø som kåserer med journalistiske historier og Astrid Versto som reflekterer over journalistikken frå sidelinja.

I tillegg får publikum oppleva ein smakebit av filmen «Fuglane» etter romanen av Tarjei Vesaas, som får offentleg premiere før jul.

Innspel frå heile landet
– Arrangementet er ei gåve til alle interesserte. Utøvarane kan gje viktig kunnskap til arbeidet med Vinje-senteret, og publikum får sjå kva Vinje-senteret kan gje regionen, seier kultursjef Signe Marie Kittelsaa i Vinje kommune.

Arrangørane opplyser at det seinare i år blir arrangert liknande idedugnader fleire andre stader i landet. Ved årsskiftet reknar Nynorsk kultursentrum med å ha klar planen for senteret. (©NPK)

LES OGSÅ: Vinjerock utseld på 10 sekund