Uroleg for distriktsskulane i ny vestlandsregion

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uroleg for distriktsskulane

Små vidaregåande skular risikerer å bli taparane viss elevane i den nye vestlandsregionen får velje fritt innanfor storfylket, trur opplæringsdirektøren i Hordaland.

– Eg har ikkje noko imot at ungdom kan søke fritt, men om konsekvensen blir at vi tappar dei små skulane for elevar, så er det ikkje bra, seier Svein Heggheim til NRK.

Stiller spørsmål ved fritt skuleval
Hovudregelen er at ungdom søkjer seg til ein vidaregåande skule i fylket dei bur i. Korleis politikarane vil organisere inntaket av elevar når Hordaland og Sogn og Fjordane blir slått saman er ikkje bestemt enno.

Dersom elevane i ein ny vestlandsregion får velje fritt innanfor dei nye geografiske grensene, vil det seie at dei konkurrerer på lik linje om alle skuleplassane.

Ønskjer destralisert struktur
Ruben Skrede i Senterungdomen i Sogn og Fjordane er i prinsippet for at elevane skal kunne velje fritt blant skulane i det nye storfylket. Samtidig deler han uroleg for framtida til dei mindre vidaregåande skulane.

– Det kan bli ei utfordring at folk trekkjer vekk frå skular i distrikta. Difor er det viktig at regionpolitikarane tek omsyn til det og framleis satsar på ein desentralisert skulestruktur, seier han til NRK.

– Elevane veit best
Mange ungdomar i Hordaland og Sogn og Fjordane vel i dag skular som ligg nær heimen sin. Ragnhild Fagerbakke i Unge Høgre i Hordaland trur ikkje det vil endre seg over natta.

– Det vil ikkje skje ein revolusjon fordi ein kan gå frå det eine fylket til det andre. Elevane vel den vidaregåande skulen som er best for dei, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil la elevar gå på skule utanfor heimfylket