Uroa for kutt i Sivilforsvaret

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Porten.no.

– Det uroar oss stort lokalt når ein i rapporten tilsynelatande trekk fram nærpolitireforma som ein slags inspirasjon, seier lokallagsleiar i Sogndal Sp, Ole-Mathias Nes, i ei pressemelding.

Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) har gjennomført ei konseptutgreiing på bestilling frå Justis- og beredskapsdepartementet med høyringsfrist 9.juni 2017.  

Oppdraget er ifølgje DSB gitt for å sikre: «At Noreg har eit sivilforsvar med den innretning, kompetanse, volum og organisering som krevast for å møte framtida sine behov og utfordringar.»

Formannskapet i Sogndal fekk ved distriktssjef Stein Morten Rønningen informasjon om dette i førre møte.

Les også: Han fryktar for beredskapen i distrikta

Fryktar for arbeidsplassar
Sogndal Sp si frykt er at denne utgreiinga, midt opp i alle sentraliseringsreformene til regjeringa, er i ferd med å gå litt under radaren.  

I utgreiinga legg ein fram fire konsept for utvikling av Sivilforsvaret. To av desse konsepta går ut på å ta ned tal distrikt frå dagens 20 til omlag 10. DSB har tilrådd konsept 2 som inneber at ein reduserer talet på distrikt til 10.

– Tek ein ned talet på distrikt så drastisk fryktar vi for lokal beredskap i distrikta og også statlege arbeidsplassar mellom anna i Sogndal.  Dette er ei frykt som vi opplever at distriktsleiinga i Sivilforsvaret i Sogn og Fjordane langt på veg deler, seier Nes.

Dagmar og brannen i Lærdal 
Lokallagsleiaren i Sogndal Sp seier han tok opp denne saka med partileiar Trygve Slagsvold Vedum i samband med Senterpartiets landmøte i Trondheim i helga. 

– Eg fekk snakka med Vedum om saka og påpeika overfor partileiaren at vi treng lokalt nærvær av beredskapsetatar som Sivilforsvaret når ulukka er ute, slik som til dømes i høve ekstremveret Dagmar og brannen i Lærdal. Eg  er svært glad for at eg fekk teke opp denne saka med partileiaren, seier Nes. 
 
– Å redusere talet på distrikt frå 20 til 10 er eit oppsiktsvekkande forslag som vil svekke lokalt nærvær og beredskap. Også Sivilforsvaret har heilt sikkert betringspotensial og treng endring, men svaret kan ikkje og skal ikkje alltid vere sentraliserande strukturendringar. Det er feil veg å gå, seier Nes vidare.

Han samanliknar dette med ei vesentleg meir omtala reform.

– Erfaringane frå den såkalla nærpolitireforma viser allereie at den reforma i realiteten er ei fjernpolitireform. Senterpartiet aksepterer ikkje at ein legg opp til ei tilsvarande utvikling i enda fleire beredskapsetatar.