i samarbeid med ABC Startsida
Gatekunstnar Rodrigo Vitorio Lisboa drog frå storby i Brasil til landsbygda i Hedmark.
Kristine Askvik
måndag 9. juli 2012 09.03
FRAMTIDA: – Vi treng ikkje bu her alltid, eg kan gjerne bu i Rio nokre år, seier Karen. – Og vi kan verte pensjonistar i Brasil, foreslår Rodrigo, med sonen Victor Osvaldo på fanget.
Eit tog durar forbi. Uvisst om det er eit persontog, godstog eller kanskje eit svensketog. Dei som bur her kjenner dei ulike lydane og kan lett skilje mellom dei. Lydane frå toget er etterlengta.
– Eg spøkte med at toget var kompensasjonen for at eg drog Rodrigo med langt ut på landet, i og med at det lagar liv. Om det er roleg elles, kan lydane frå toget minne om storbyen. Og når vi tek toget her frå Skarnes og inn til Lillestrøm eller Oslo, latar vi som om vi reiser frå Brooklyn til Manhattan, seier Karen Gjermundrød og smiler lurt. Dei budde nemlig litt i New York før dei kom til Noreg.
Landleg oase
Innafor hekken har Rodrigo og sambuaren Karen skapt sin kreative, landlege og urbane oase. Kunstverk Rodrigo har laga står oppstilt langs husveggen, ei hengekøye får ein til å tru at ein verkeleg er i sørlegare strauk, på graset spring Victor mellom leiketraktoren og sparkehjulet.
For to år sidan flytta dei frå storbyen Salvador i nordaust-Brasil og heim til Karen sin heimkommune Sør-Odal. Ved kommunesenteret Skarnes fann dei huset sitt. No bur dei her saman med sonen Victor Osvaldo på eit og eit halvt år.
Rodrigo er gatekunstnar og var ein av dei fremste og mest nytta gatekunstnarane i nordaust-Brasil då han drog frå heimlandet. Mellom anna vart han valt ut til å gjere prosjekt for designergiganten Lacoste, som den einaste gatekunstnaren i Brasil. Rodrigo sitt kunstnarnamn er PEACETU.
LES OGSÅ: Dei djupaste røystene
Frå gate til stabbur
No er gata i ein av Brasil sine største byar bytta ut med eit stabbur i Hedmark. Inne i stabburet på tunet er Rodrigo i gang med å lage atelier og verkstad. Til hausten skal det vere klart. Tømmeret er tjukt, her skal ein brasilianar kunne halde varmen vinteren igjennom.
– Det med klimaet har jo både negative og positive sider. Eg skater, så eg likar veldig godt å stå på snowboard. Samstundes saknar eg sjølvsagt ting frå Brasil. Der budde eg rett ved stranda. Stranda var ikkje lenger enn så langt unna, seier Rodrigo og peiker mot stabburet som ligg nokre få meter unna huset.
I fjor byrja han å studere produktdesign ved Høgskolen i Akershus. Han brenn for faget og ynskjer å etablere seg som kunstnar i Noreg. Ein hane er i ferd med å vekke kunstinteressa blant innbyggarane i kommunen.
LES OGSÅ: skaping
Kykeliky langs riksvegen
På ein gamal låve langs riksveg 2 har Rodrigo fått lov til å slå seg laus. Ein svær fargerik og stolt hanefar tittar mot dei som er på veg mot Oslo. Bonden er stolt over kunstverket og har fått mykje godord.
– Eg må innrømme at eg var litt skeptisk før den kom opp. No er eg derimot veldig fornøgd. Det er mange som synast den er fin, mange stoppar og tek bilete av teikninga. Rodrigo er veldig dyktig, seier Lars Ullern.
I nabokommunen Nord-Odal har Rodrigo utsmykka fleire veggar på oppdrag frå kommunen, mellom anna på rådhuset. Han har òg samarbeida med Kulturskulen i Odalen, Museumssenteret i Hordaland, Film frå Sør og den franske kunstfestivalen Springtime Delight.
– Eg har utvilsamt samla mykje inspirasjon etter mange år gatelangs med sprayboksen i min heimby. I eit urbant kaos er det mykje å observere – alt frå søppel til kunst, bygningar og menneske. – Eg opplever større openheit til gatekunst i Brasil og storbyar elles i verda, enn det eg hittil har gjort i Noreg. Generelt ser eg at folk er meir tradisjonelle her, seier Rodrigo.
Men gjennom tett samarbeid med fleire i sin nye heimkommune, trur og håpar han på auka interesse og etterspurnad etter kunsten han brenn for. Til hausten vert det mogleg å vere med på workshops. Utstillingar og andre prosjekt er under planlegging, men noko er førebels litt hemmeleg.
KYKELIKY: Her var det berre ein gamal grå låve. No har hanen skapt liv. Ofte stoppar det folk for å ta bilete av den. For å få skape kunst her, måtte Rodrigo søkje vegvesenet om lov.