Unngå rasfellene på påskefjellet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir nedbør, vind og temperaturstiging har ført til at rasfaren auka frå faregrad to til tre på Vestlandet onsdag.

– Det vil vere lokale variasjonar på Vestlandet, men ein bør særleg unngå austvende heng med mykje innblåst snø dei neste dagane, seier varslingsleiar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Markus Landrø, til NTB.

Rasvarslinga Varsom.no varslar at det framleis er faregrad tre – stor snørasfare og krevjande forhold – fleire stader i Troms og Finnmark onsdag.

Auka rasfare
Vest for Langfjella på Vestlandet har det vore kraftig vind dei siste dagane, noko som fører til at faren for ras er stor i bratte terreng med fokksnø.

Folk som er til fjells i påska, bør derfor unngå å sette seg i bratte solsider, særleg med overhengande snøskavlar.

– Det er to ting ein bør vere særleg obs på. Det første er høge temperaturar og regn, som kan føre til at det vert utløyst våte ras av laussnø. Det andre er når snøen legg seg i lesider i høgda, og dannar ustabile flak, seier Landrø.

Dersom du går på ski i fjellet og ikkje vil utsette deg sjølv for risiko, er ein god tommelfingerregel å berekne høgda på fjellsida, deretter gonge høgdemetrane med tre, og halde deg på den avstanden frå henget.

Tung og våt snø
I Midt-Noreg og Nord-Noreg har det lagt seg store mengder våt og tung snø, og nysnøen som legg seg i høgda dannar ustabile flak i lesider. Det er også venta periodar med storm ved kysten i nord.

I Nord-Noreg er det varsla at det vil falle ein del nedbør onsdag, men vêret vil bli kjøligare torsdag og fredag.

– Det blir mildvêr og litt vind laurdag, medan søndag og måndag vil ha forbigåande pent vêr, seier vakthavande meteorolog Gjermund Haugen til NTB.

Austafjells er faregraden to – moderat, men her må ein vere forsiktig i område med fersk snø som har kome med vinden og lagt seg i leområda.

Stor variasjon
Onsdag blei fire menn funne omkomne i eit snøras i Sunndalsøra. Då skiløparane la ut på tur måndag var det meldt om moderat rasfare, men politiet har i etterkant sagt at rasfaren var stor fleire stader i området.

Røde Kors oppfordrar folk til ikkje å stole blindt på rasvarsel, men vere merksame på at forholda i fjellet kan endre seg raskt.

– Det kan vere stor variasjon lokalt, og forholda endrar seg raskt frå time til time. Det er viktig å gjere seg godt kjent med lokale forhold før ein dreg ut på tur, seier leiar for Røde Kors Hjelpekorps, Ola Gladsø, til NTB. (©NPK)