Unge vil ikkje ha gudsteneste i skuletida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ikkje ha skulegudsteneste

Det viser ei undersøking Norstat har utført på vegner av Human-Etisk Forbund.

– Dei yngste er klare på kva dei vil. Eg vil tru det er dei som relativt nyleg sjølv var ein del av dette opplegget, seier generalsekretær Kristin Mile i forbundet til NRK.

LES OGSÅ: Vil invitera til fredagsbøn

Størst skepsis i Oslo
52 prosent svarar at dei er positive til skulegudstenester, medan 44 prosent seier dei er negative. I aldersgruppa under 30 år, svarar 32 prosent at dei er positive, medan 64 prosent er negative.

Skepsisen til skulegudstenester er størst i Oslo, der 59 prosent meiner det er ein dårleg idé. På Vestlandet er folk mest positive. Der svarte 57 prosent ja.

Blant dei spurte meiner 48 prosent at aktiv påmelding bør vere eit minstekrav til skulegudstenestene. 46 prosent er ueinige i dette. (©NPK)

LES OGSÅ: KRLE tidlegast i 2015