Unge lærarar i aksjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.

Niandeklassingar frå Bremnes ungdomsskule, Moster skule og Hillestveit skule var denne veka utplasserte hos elevar på TIP og elektro på Rubbestadnes vidaregåande skule. Med elevar på den vidaregåande skulen som lærarar, har dei i løpet av to skuledagar fått eit lite innblikk i kva utdanninga går ut på.

LES OGSÅ: Foreldre påverkar skulevalet mest

I niande og tiandeklasse
Det er Hordaland fylkeskommune som inviterer ungdomsskuleelevane til å teste ut dei vidaregåande utdanningane i løpet av to veker i skuleåret. I niandeklasse kjem første høve til slik utplassering. I tiandeklasse blir det så høve til å teste ut ei anna studieretning. På den måten skal ungdomsskuleelevane bli tryggare i sine val.

Oppkopling
Måndag er elektroelevane i full sving med å lære niandeklassingane oppkopling av motorstyring når Bømlo-nytt kjem på vitjing. Steffen Habbestad er lærar for ein dag og har med seg Trygve Johnsen som går i niandeklasse på Hillestveit skule. Johnsen seier han tykkjer det har vore veldig kjekt å prøve seg på oppkoplinga. Årsaka til at han valde utplassering her var at han er interessert i elektronikk.

– Det var litt vanskeleg i starten, men det er interessant, seier han til lokalavisa. Han ser ikkje vekk frå at han kjem til å søkje skuleplass her etter vidaregåande.

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå på yrkesfag

Her er elektroelevane i full gang med å lære niandeklassingane oppkopling av motorstyring. Nærmast til venstre ser me Steffen Habbestad og Trygve Johnsen.

LES OGSÅ: Ønskjer fleire jenter velkomne

Å lage ein bil
Ein annan stad på skulen sit niandeklassing Olav Halleraker Ersland frå Bremnes ungdomsskule ved eit bord saman med tre elevar som går teknikk og industriell produksjon (TIP). Dei held på med å lage ein modell av ein bil. Dagen etter skal dei få delt ut material som dei skal bore, sveise og montere saman til ein liten bil.

– Eg tykte dette såg interessant ut, og det var difor eg søkte meg hit. Eg ville sjå korleis dei har det her. Det har vore kjekt dette, seier Halleraker Ersland. Jon Kristian Halleraker seier det har vore kjekt å ha Halleraker Ersland på vitjing.

Her lagar elevane modellar av bilane som dei dagen etter skal sveise og montere. Med på biletet er: Erik Habbestad, Olav Halleraker Ersland, Jon Kristian Halleraker og Andreas Hatlevik.

LES OGSÅ: Vil bli fagarbeidarar

Konkurranse
Tysdag er TIP-elevane og niandeklassingane på plass i verkstaden. Tobias Løkke som går i niandeklasse på Moster skule får innføring i sveising.

– Veldig kjekt dette. Det stod mellom TIP og elektro. Eg satsar på å få prøve elektro neste år, seier han. Halleraker Ersland held på med å bore hol til ein aksling på bilen gruppa hans er i ferd med å lage.
– Eg tykkjer det har vore veldig kjekt. Me har fått gjort mykje og lært mykje, som til dømes sveising. Eg kan godt tenkje meg å søkje meg hit, seier han.

Dagen vart avslutta med billøp. Der vart premiering i to klassar, nemleg bilen som trilla lengst og bilen med flottast eller mest originalt design. Det vanka Twist i premie.

LES OGSÅ: Lærarkrav trass kommunemotstand