Unge komponistar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho er ein dei vel 20 deltakarane på komposisjonsverkstaden for ungdom som kulturskulane arrangerer over to helgesamlingar. Sjølv kjem ho frå Radøy, på verkstaden hamna ho i gruppe med Katja Rasmussen Kahrs frå Masfjorden og Mary-Ann Kana frå Lindås.

– Vi kjende ikkje kvarandre frå før, fortel Mary-Ann.

LES OGSÅ: Vil du læra å komponera eigen musikk?

– Eg var litt spent på om eg var like flink som dei andre i gruppa, og korleis det skulle gå å samarbeida. Eg er ikkje så flink i gruppearbeid, seier ho.

Fekk ikkje sova
– Men vi har funne den perfekte gruppa, vi jobbar veldig godt i lag, eg er så glad for at eg vart med på dette, seier ho. Mary-Ann fortel at ho ikkje klarte å sova etter første dagen.

– Eg var så glad, og eg låg og tenkte på songen vi komponerer, fortel ho, og legg til at ho er spent på korleis det går når dei skal opptre med songen etter siste kursdag neste søndag.

– Vi vil ha det perfekt, det vert nok ein del øving i veka òg fram til neste kursdag lørdag, seier Katja. Dei tre har kalla gruppa si «Girlpower». Sangen dei komponerer her ikkje fått tittel enno, men handlar om ein som treng ein ven.

– Låten er om ein person som har ein litt dårleg dag, og som treng nokon å snakke med. Alt klaffar til slutt, fortel Amanda, og forsikrar om ein lykkeleg slutt. Dei har brukt litt ulike stilartar som dei har sett saman i låten.

LES OGSÅ: Kulturskulen blir elektronisk

– Det er ei blanding av litt ulike sjangrar, og vi syng trestemt innimellom, seier Amanda.

– Det er utruleg spennande å jobba med komponering, og eg føler vi har fått det bra til, seier ho.

– Superpositive
– Det er superpositive ungdommar, og dei har arbeida veldig strukturert, det er tydeleg at dei er her for å laga musikk, seier musikklærar Sturle Berntsen. Han er lærar på verkstaden i lag med komponist Webjørn Sæther, som held på med sin mastergrad i komponering.

– Den første helga var veldig spennande, det er interessant å sjå kva retning dei tar. Til helga spikrar vi dei siste ideane før det glir over i ein øvingsfase lørdagen, seier Sturle.

– Webjørn vil og prøva å ta litt av ideane og lage små mellomspel for å prøva å knytte det heile saman til eit større verk, fortel han.

Prosjektet er eit samarbeid mellom kulturskulane i Nordhordland. Søndag klokka 15.00 er det avslutningskonsert der alle gruppene får framføra sine eigne verk.

LES SAKA I NORDHORDLAND!