Unge Høgre vil ha pils i parken

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Forbodet er tullete. Folk drikk alkohol i parkar og langs holmar i heile landet, så ifølgje lova er jo Noreg fullt av kriminelle, seier Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise til Aftenposten Si;D, som først meldte om saka.

LES OGSÅ: Éin av tre selde alkohol til mindreårige

Populær Facebook-kampanje
Førre veke la nemleg ungdomspartiet ut innlegget « – Ja, til pils i parken!» der dei argumenterer for å fjerne forbodet mot å nyte alkohol på offentlege stader for å frigi politiressursar til andre oppgåver.

Bodskapen er illustrert av ein Tuborg-boks i grøne omgivnadar.

Innlegget har fått stor respons. Med over 1400 liker og 80 delingar ser med det ut til å vere den mest populære valkampsaka ungdomspartiet har delt til no.

Fleire peikar på at alkoholreklame er ulovleg i Noreg og hintar om produktplassering av ein Tuborg-boks, men Unge Høgre avviser at dei har fått pengar eller andre motytingar for denne saka.


Skjermdump av Facebook-innlegget frå Unge Høgre.

LES OGSÅ: – Alkohol og tobakk for 16-åringar

– Ender med fyllefestar
Ein av dei som reagerer på innlegget frå Unge Høgre er Leon Bafondoko, nestleiar i Trondheim AUF.

«Unge Høyres forslag ender ikke med en rolig pils i parken; det ender med fyllefester, «vorsing» og «nachspiel». Det gir knuste flasker og ølbokser strødd rundt omkring i parkene,» skriv Bafondoko i eit innlegg på Si;D.

AUF-aren peikar på eit aukande alkoholforbruk blant nordmenn og meiner at mange oppfattar det som betryggande at politiet kan vise bort alkoholpåverka personar med heimel i lova.

Òg i moderpartiet til Tonning-Riise er det delte meiningar om å oppheve alkohollovas § 8–9, som omhandlar drikking på offentleg stad.