Ungdomsskulen: Eit innblikk i korleis det var

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bokmelding: Eit innblikk i ungdomsskulen

Kva er ungdomsskulen? Det enkle svaret er at det er ein skule for ungdom, men lat oss no grave litt djupare enn det. Framfor alt er ungdomsskulen ein vag tilstand, ein skummel mellomfase: Ein er ikkje eigentleg barn, men ikkje riktig vaksen heller. Så kva er ein då? Ein er i endring.

Seksuell debut
I Heidi Furres roman Ungdomsskulen følgjer me eg-personen Maja og veninnene hennar Pelle og Maria gjennom dei tre åra på ungdomsskulen. Avstanden i tid og boksider frå ho som åttandeklassing framleis ser på barne-tv om fredagen, til ho i niandeklasse ein periode har regelmessig sex med ein 20-åring som i boka går under namnet Vampyren, er urovekkande liten. Men mest av alt handlar romanen om avstandar som er for store.

Avstanden mellom den ein er, og den ein ønskjer å vere. Avstanden til foreldre og andre vaksenpersonar som enten ikkje er til stades eller manglar føresetnadar for å forstå kva som føregår. Avstanden til ein sjølve. For kven er ein – eigentleg?

Les intervju med Heidi Furre: – Ekstremt å vera ungdom

Utdefinert
«Det er ikke så veldig komplisert. En er det en gjør», seier Isak til Eva i den mykje omtala tv-serien Skam.

I dette ligg det ikkje berre ein positiv fridom til å kunne definere seg sjølv, men og ein trykkande trussel om å bli utdefinert av andre.

Dette blir skildra brutalt tydeleg i Heidi Furres roman. I friminutta på ungdomsskulen kan ein høyre til dei som spelar fotball. Eller dei som røyker. Dei som gjer lekser. Eller bøllene. For å nemne noko.

Men kva om ein som Maja, Pelle og Maria fell utanfor alle desse kategoriane?

«Det verste ein kan gjere, er å bli ståande stille», så dei passar på å halde seg «i konstant bevegelse»: «Så kan ingen ta oss, ingen plassere oss, ingen finne oss. Ingen gjer ingenting mot ingen. Me er ingen.»

I 2014 romandebuterte Heidi Furre med Parissyndromet– Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom, fordi det høyres litt sjukeleg ut.

Identitetskamp
Kjensla av å vere utanfor – og ville inn. Kampen for å kome innanfor, vere nokon, ikkje ha verdas kjedelegaste liv.

Dei tre veninnene har mange meir eller mindre vellukka forsøk på å finne ein identitet.

Pelle byrjar å spele handball, og sparar pengar for å reise til Hellas og besøke faren ho aldri har treft.

Når Vampyren hentar Maja i bil etter skulen kvar dag, kjenner ho ein viss stoltheit, ho håpar at dei rette personane skal sjå det, sjå at ho er nokon.

For lesaren blir det banale og tilfeldige i det heile nærmast smertefullt å observere. Det er som om alt flyt. Ingenting står fast og orienteringspunktet manglar. Dei handlar ikkje. Det dei gjer, er å få noko til å skje.

Dei små augneblikka
Historia er episodisk fortalt. Vi får ikkje noko oversiktsbilde, men mange nærbilde av små og store hendingar, mest små.

Denne straumen av hendingar skapar ei kjensle av ei bestemt tid, etterlet eit inntrykk av og innblikk i korleis det var, då, på ungdomsskulen.

Alt er fortalt i det same lågmælte språket, om det er ein ambulanse som kjem for å hente ein bevisstlaus elev på skulen eller ein tur på stranda for å bade som blir skildra, går språkleg sett for det same.

Stundom blir avsnitta avslutta med ei setning som har betydningsoverskot og poetisk meirverdi, lada setningar som representerer noko meir, utvidar perspektivet og peikar på noko større. 

Forfattar Inger Bråtveit freistar å ta unge jenter på alvor. – Å latterleggjera unge jenter er veldig lett og veldig vanleg

Utydelege karakterar
Viss eg skal ha eit ankepunkt mot boka, må det vere dette: Karakterane er og blir litt utydelege for meg. Eg får aldri eit klart inntrykk av kven dei er. Dei blir ikkje så levande som ein kunne ønske.

Men kanskje ligg dette i sakas natur. Dei er vel ikkje heilt tydelege for seg sjølve heller. Like fullt lukkast boka godt med å skildre korleis desse tre veninnene gradvis og merkbart umerkeleg blir eldre i løpet av dei tre åra på ungdomsskulen.

Lesemerke
Det er ingen tvil om at Heidi Furre med Ungdomsskulen har skrive ein vellukka og lesverdig roman.

Eg er ikkje den same etter at eg har lese boka. Eg tenkjer ikkje det same om ungdomsskulen og det å vere ung.

Ungdomsskulener ei bok ein ikkje les utan å få merke av ho. Og når ein roman får til dette, har forfattaren i grunnen oppnådd nok. 

Få fleire lesetips her!