Ungdomsparti vil behovsprøve barnetrygda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil behovsprøve barnetrygda

– Vi meiner hushald som tener meir enn éin million kroner samla, ikkje bør få barnetrygd, seier formann Atle Simonsen i Framstegspartiets ungdom (FpU) til Aftenposten.

Både FpU, Unge Høgre, Unge Venstre og Kristeleg Folkepartis Ungdom meiner at ei form for behovsprøving av barnetrygda, der dei med høgast inntekter misser trygd medan dei med låge inntekter får meir enn i dag, er rett veg å gå.

LES OGSÅ:Norsk barnefattigdom halvert dei siste åra

Sparer barnetrygda
Ei undersøking gjort av Ipsos MMI for DNB i 2012 viste at snautt halvparten av mottakarane av barnetrygd alltid – eller av og til – sette barnetrygdpengane inn på sparekonto. Foreldra oppgir at pengane går til bustad for barna, førarkort eller utdanning.

– Barnetrygda vart ikkje innført for å hjelpe velståande ungar inn på bustadmarknaden, eller for at dei skulle kunne kjøpe fin bil til 18-årsdagen, seier Simonsen.

LES OGSÅ: – Dette bør få konsekvensar

– Noko som skurrar
Petter Haraldsen Haugland frå Unge Høgres sentralstyre er også av den oppfatning at ordninga bør komme dei som treng pengane mest til gode.

– Barnetrygda bør vere ei ordning som sikrar at dei som treng ho mest, også får mest, seier Haugland til NTB.

– Når rundt halvparten av dei som får barnetrygd sparar pengane, så er det noko som skurrar. Difor bør vi i staden vri ordninga slik at familiar med låg inntekt får meir, seier han. (©NPK)