Ungdomsopprør i Bergen for betre seksualundervising

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opprør for betre seksualundervising

I bystyremøtet i Bergen onsdag har ungdomsrepresentantar frå Raudt til Frp danna eit tverrpolitisk ungdomsopprør. I denne uvanlege alliansen har dei samla seg bak eit krav om å styrkja seksualundervisninga i Bergen.

– Me får tilbakemeldingar frå elevar om at undervisinga er altfor dårleg i dag, seier Hilde Boberg Andresen (SV) til Framtida.no.

– Me ønskjer meir og betre undervising om kjønnsmangfald, grensesetjing, om korleis ein blir trygg med eigen kropp og ikkje minst at sex kan vera digg, legg ho til.

Vil byrja i barnehagen
– Haldningar blir ikkje danna over natta. Då nyttar det ikkje med litt undervising om grensesetting to veker før russetida byrjar. Arbeidet må byrja mykje, mykje tidlegare, og gjerast over tid, seier Njaal Neckelmann (V).

– Me ønskjer at planen skal ta for seg tilpassa undervising allereie i barnehage og småtrinn, og meir omfattande undervising gjennom seinare skulegang, seier Hilde Boberg Andresen.

Mobbing og overgrep
Homoskjellsord er framleis utbreidd, og framleis er det altfor mange overgrep i Noreg. I ei haldningsundersøking frå 2013 utført av Ipsos MMI svarar berre 44 prosent av unge mellom 18 og 29 år at dei har fått opplæring om grensesetting og seksuelle overgrep på skulen. Og berre 14 prosent syntest opplæringa var god nok.

Ungdomspolitikarane håpar at kommunen kan leggja til rette for eit senter for seksualitet i Bergen, og at skulane blir flinkare til å ta i bruk Veke 6-materiellet som er utarbeidd etter læreplanmål i samarbeid med Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet.

Korkje Hilde Boberg Andresen eller Njaal Neckelmann kan hugsa at det er fremja liknande tverrpolitiske ungdomspolitiske framlegg før i bystyret.

– Men så er dette også ei ekstra viktig sak, seier Neckelmann.

LES OGSÅ: «Difor er Gullbarbie så sjukt viktig»

Lovar plan frå 2018
Byrådet skriv i svaret sitt at dei er samde i at det er viktig at elevar får ei god undervising i seksualitet, som både kan bidra til tryggheit for einskildindividet og kunnskap blant ungdom som gruppe.

– God opplæring om seksualitet er òg viktig for å førebyggja seksuell trakassering og seksuelle overgrep. Byrådet vil utarbeida ein overordna plan for den seksuelle helsa til unge, seksualopplysning og seksualitetsundervising, heiter det frå Byrådet.

Dei lovar at planen skal vera klar i 2018.

Inntil vidare oppmodar Byrådet alle skulane til å ta i bruk undervisingsopplegget «Veke 6» frå Sex og Politikk.

Oppdatering: Saka blei samrøystes vedteke i bystyret onsdag ettermiddag.

– Dette var utruleg kjekt. Det er eit forslag me saman har jobba mykje med og bryr oss veldig om. Seksualundervisning er meir enn bananer og kondomar, og det viser bystyret no at det har forstått! seier Njaal Neckelmann i ein kommentar.

LES OGSÅ: No kan du lære om sex på nynorsk og samisk

Føregangskommune
Tor-Hugne Olsen (bildet), dagleg leiar i Sex og Politikk, tykkjer forslaget i Bergen er fantastisk.

Så vidt han veit er det første gong at meir og betre seksualundervising er oppe som ei sak i eit kommunestyre.

– No håpar me at dette vil spreia seg til andre kommunar. Me vil bruka Bergen som ein føregangskommune. For oss er det spesielt kjekt at det er dei yngre politikarane frå heile partispekteret som går inn for dette, seier han til Framtida.no.

I dette skuleåret er det 1640 undervisarar som skal undervisa 132.771 elevar gjennom «Veke 6» – det er ein auke på meir enn 14.000 elevar frå i fjor.

– For lite tid på skulen
Undervisingsopplegget i «Veke 6» er basert på opplæringsmåla i skulen, som er bestemt av staten. Tor-Hugne Olsen synest opplæringsmåla i skulen er gode, men:

– Sidan dette ikkje er eit eige fag, så er problemet at mange skular set av for lite tid til seksualundervisinga, seier han.

Olsen ønskjer òg at barna lærer om kroppen, kjensler og grenser allereie i barnehagen.

I den nye rammeplanen for barnehagar som blei lagt fram på måndag, er det nettopp lagt inn fleire punkt om dette.

LES OGSÅ: Panfile Rebecca (16) vil ha betre seksualundervisning