Ungdomshelse er meir enn kondom

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Meir enn kondom og klamydia

Senteret for ungdomshelse, samliv og seksualitet (SUSS) har i gjennom 27 år blitt eit nasjonalt kompetansesenter. I 2014 trakk myndigheitene konklusjonen om at det vart for dyrt å gi rundt seks millionar kroner i året for å halda eit slikt kompetansesenter opent. Difor kuttar dei i helsetilbodet til ei veldig sårbar gruppe.

I slutten av 2014 blir ungdomshelse framleis oppsummer som kondom, p-piller og klamydia. Då nyheita om at SUSS skulle leggast ned vart plukka opp av NTB, var skildringa «ein praksisplass der medisin- og psykologistudentar har lært å svara på intime spørsmål».

Som SUSS-lege har eg fått uteljelege førespurnader frå unge som slit med invalidiserande angst, som har blitt utsett for seksuelle overgrep som har blitt utsett for vald eller som ikkje ønskjer å leva lenger.

Kvifor blir ungdommen sine helseproblem framleis banalisert?

LES OGSÅ: Facebook-aksjon for SUSS-telefonen

Manglande kunnskap
I motsetning til Sverige og USA har me ikkje eigen spesialisering innan ungdomshelse i Noreg, som til dømes pediatri eller geriatri.

Kunnskap om ungdomshelse blant helsepersonell er difor spreidd og avhengig av interessen til enkeltpersonar.

Det var konklusjonen i rapporten «Helsetilbod til ungdom og unge vaksne» gjort på bestilling frå Helsedirektoratet i 2012. Gjennom åra SUSS har eksistert har nærare 400 legar og psykologar under utdanning vore tilsett, og med det fått unik kompetanse innan ungdomsmedisin.

I same rapport kom det fram at 50 prosent av jentene og 30 prosent av gutane ikkje oppsøkte fastlegen, sjølv om dei hadde behov for helsehjelp.

Kva var grunnen til det? Frykt for at teieplikta ikkje skulle haldast, kostnad, ei oppleving av at dei ikkje fekk nok hjelp frå legen, ein tanke om at problemet dei sleit med ikkje var stort nok og at opningstidene ikkje passa. Helsestasjonar for ungdom hadde større oppslutnad, men manglande kapasitet. Her er oppningstidene i mange kommunar begrensa til ein dag kvar andre eller tredje veke.

Kva då med eit gratis helsetilbod for ungdom, som er opent alle kvardagar, der du kan ta kontakt anonymt og få svar innan eit døgn? Legar, psykologar, medisin- og psykologistudentar ved SUSS svart på 12000 slike spørsmål i året via telefon, SMS og e-post.

Helsedirektorat har forsømt rolla si
Likevel sa Ellen Margrethe Carlsen, direktør ved avdeling for oppvekst og aldring i Helsedirektoratet, til NRK at SUSS ikkje har same sentrale rolle i arbeidet med å senka terskelen for å ta kontakt med spørsmål om kropp, seksualitet og seksuell helse som før.

Ved nedlegginga av SUSS syner Helsedirektoratet vidare til nettstader som Klara-klok og ung.no, som gir generell helseinformasjon og ikkje individuell helsehjelp. Dette er tilleggstenester, ikkje tilsvarande tenester. Helseinformasjon er noko du kan slå opp i eit læreverk, medan helsehjelp blir gitt av helsepersonell og er tilpassa kvar enkelt sin situasjon.

Med nedlegginga av SUSS har Helsedirektoratet no forsømd rolla si i ungdomshelsa, og handla i strid med behovet som blir etterlyst av ungdom sjølv, seinast i deira eigen rapport i 2012.

Sidan dei og veljer å visa til nettsider som gir generell helseinformasjon, og ikkje individuell helsehjelp, tyder det berre på at Helsedirektoratet ikkje tek unge sine helseproblem på alvor.

Ikkje godt nok å visa til Internett
Paradokset er at regjeringa i 2015 skal utarbeida ein eigen ungdomshelsestrategi, der ein kan komma til å understreka behovet for å tilpassa helsetilbod slik at ungdom og unge vaksne veljer å nytta dei.

SUSS er kanskje ikkje heile svaret på korleis desse ungdommane skal få hjelp til å takla problema sine. Men for ein ungdomsgenerasjon der nettet og mangelen på kvalitetssikra helseinformasjon som følgjer med er ein del av problemet, kan ikkje norske helsemyndigheiter meina at det er godt nok å visa til Internett.

Me ber difor om ei vidareføring av SUSS, som i 27 år har vore ein sentral aktør innan ungdomshelse, og at spørsmålet vert løfta til departementsnivå før Helsedirektoratet raserer eit sentralt tilbod for norsk ungdom.

Innlegget var først hos Aftenposten, og er omsett til nynorsk av Framtida.no