Ungdommen vil ha slutt på fylla

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mellom 150.000 og 200.000 barn gruer seg til jul på grunn av alkoholbruken til foreldra, er anslaga frå Helsedirektoratet og Statens institutt for rusmiddelforskning (SIRUS). Ein av dei som har tatt signala til lokalt plan er den 18 år gamle Hå-politikaren Olaus Trygve Bjuland (KrF). I ein interpellasjon i kommunestyret ei veke før julaftan kjem han med spørsmål som set alkoholbruken i Hå under lupa.

Mange gruar seg til jul

– Statistisk sett gruar heile Motland skule (443 barn) seg til jul på grunn av foreldra sin alkoholbruk, jamfør tala nasjonalt. Det er ei enormt viktig sak å få opp på agendaen.
For å retta søkjelyset mot dei som kanskje ikkje har ei like god jul som folk flest, uttaler Bjuland.

Konkret spør Bjuland korleis ordføraren stiller seg til å bli ein Av-Og-Til-kommune. Og foreslår i same skriv at rådmannen utarbeidar ei sak der Hå blir ein slik kommune, og at rådmannen i ei sak kjem med forslag til tiltak som kan førebyggja usunn alkoholbruk.

Av-Og-Til er ein kampanjeorganisasjon for alkovett, som jobbar for å redusera alkoholbruk der han kan gå ut over andre.

Handlekraft mot alkobruk

Teksten som innleiar interpellasjonen har tittelen «Redusere alkoholforbruket i Hå kommune» og viser til at alkoholbruk er ein del av julefeiringa. Men at denne bruken har ei bakside, òg på Jæren, og viser til Helsedirektoratet sitt tal på 150.000 barn som gruer seg til jul på grunn av for mykje drikking.

«Det blir naivt for oss som politikarar i Hå å ikkje ta innover oss denne undersøkinga, som også vil ramma barn og unge i Hå kommune. Det tener alle sine interesser å få ned alkoholforbruket i kommunen,» skriv den unge KrF-politikaren.

Han viser til at Sola kommune allereie er Av-Og-Til-kommune, som einaste i Rogaland, og at Hå kommune i 2013 vedtok ein rusmiddelpolitisk handlingsplan, som strekkjer seg til 2017. Her heiter det mellom anna at «Barn og unge skal ha trygge oppvekstvilkår.»

«Nå må me som politikarar vise handlekraft og følgje planane opp med konkrete forslag,» oppmodar Bjuland i skrivet, og håpar Time og Klepp vil hiva seg på om Hå eventuelt blir Av-Og-Til-kommune.

Ikkje moralisera

18-åringen er sjølv avhaldsmann og har tidlegare fronta moderat alkobruk, mellom anna i samband med lanseringa av Nærbø-ølet.

– Det kan vera tøft å ta opp slike saker, fordi mange forbinder alkohol med gode opplevingar. Eg er difor opptatt av å ikkje moralisera; eg har respekt for dei som drikk, og ventar respekt tilbake for å ikkje drikka. Dette handlar meir om å gi ein stemme til ei gruppe som treng det og fronta måtehald og ein sunnare alkoholbruk enn i dag. For me skal ikkje vera naive – me drikk ikkje mindre i Hå enn elles i landet, seier Bjuland, og viser til at vinmonopolet på Nærbø er eitt av utsala som aukar mest i sal.

Saka var oppe i ungdomsrådet i Hå sist veke, og fekk støtte der.

– Me bryr oss om å ha det trygt og godt rundt oss, grunngir leiar Juste Fichgendleryte (18).

Rådet er partipolitisk uavhengig, men sidan framlegget gjaldt ungdom, tok dei stilling til det.

God timing

Ein annan som støttar initiativet er Høgre-politikar Benjamin Aarsland Erikstad (19) i same kommune.

– Timinga for eit slikt framlegg er god, nå like før jul. Eit godt initiativ når ikkje alle barn og ungdommar har det bra, uttaler 19-åringen.

Den unge og blå politikaren synest det er greitt at yngre krefter kjem med alkoholmodererande framlegg.

– Vanlegvis er eg ikkje fan av streng alkoholpolitikk. Men dette er eit tiltak som er av rette typen. Noko som går på haldningar, ikkje innskrenking av fridomen til folk. Og svært positivt at det kan gjerast på ein billeg måte. Me som politikarar sender ein viktig signaleffekt på denne måten, meiner Erikstad.

LES SAKA I JÆRBLADET!

Faktaboks

Av-Og-Til
Organisasjon: Kampanjeorganisasjon for alkovett.
Haldningar: Driv haldningsskapande arbeid gjennom eit nettverk av frivillege organisasjonar, kommunar og andre samarbeidspartar.
Lokalt: Sola er i dag einaste Av-Og-Til-kommune i Rogaland.
Aktuelt: Mellom 150.000 og 200.000 barn gruer seg til jul på grunn av alkoholbruken til foreldra, ifølgje undersøkingar frå Helsedirektoratet og Statens institutt for rusmiddelforskning.