Undervegs med lærarstudentar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Kva har ein boge, ei vifte, ein ynskjekvist, eit sitteunderlag, ei sag eller eit triangel til felles? Jo, dei kan alle vere ein kledehengar dersom kledehengaren ikkje var ein kledehengar.

Føredragshaldar Nina Østensjø Borrevik frå Ungt Entreprenørskap vil tyne kreativiteten ut av lærarstudentane ved Høgskulen Stord/Haugesund (HSH). Slik brukar ho ein kledehengar for å slå eit slag for kreativitet og skaparvilje i skulane.

– I Hordaland er 22 kommunar medlemmar i Ungt Entreprenørskap. Vi vil gjere arbeidstakarar til arbeidsskaparar, skape kompetanse som næringslivet treng, og jobbe mot fråflyttinga som trugar mange av dei mindre stadane, seier føredragshaldaren til studentane.

Borrevik var éin av førelesarane under studentkonferansen Undervegs 2013, som torsdag og fredag fann stad på Stord.

Skular i framtida
Konferansen er den tredje i rekka. Av høgskulen vert den stolt flagga som ”den einaste studentkonferansen i landet”. Lærarstudentane har sjølv stått for arrangementet.

– Å arrangere konferansen har vore utruleg lærerikt. Vi har hatt mange heftige diskusjonar, smiler Katharina Dahle (21) og Hege Larssen (21). Dei er blant studentane som står bak den årlege studentkonferansen.

I år var temaet ”Ein skule i utvikling”.

– Då vi arbeidde med å skaffe føredragshaldarar og sponsorar vart det klart for oss at IKT måtte bli den raude tråden. Bruk av IKT i skulane er i framvekst, og vi som snart skal ut i skulane ynskjer å lære meir om dette, fortel Dahle.

– Korleis skulane blir i framtida er jo det store spørsmålet, og IKT er nok ein del av svaret, seier Larssen.

Førsteamanuensis ved HSH, Lars Vavik, var blant føredragshaldarane. Det var også Øystein Imsen og Bjørn Erga i PedSmia – ein kunstfagleg tenketank, med mål om å utvikle og aktualisere dataspel og spelprogrammering som skapande aktivitetar for læring.

– Vi tykkjer det er spanande å både ha Imsen og Erga, som vil ha dataspel inn i skulane, og Vavik, som er kritisk til dette på konferansen. Dei er til dels motpolar, og vi trur det kan føre til ein interessant dialog, seier arrangørane.

Gjennom praksis har lærarstudentane fått erfaring med korleis IKT vert brukt i læring. I undervisninga ved HSH er dei innom temaet, men ikkje i veldig stor grad, fortel dei.

– Vi hadde lyst til å lære meir. På dei nyare skulane nyttar dei i større grad smartboard i staden for tavle og har berbare pc-ar. I konferansen ynskjer vi å undersøke i kva grad desse hjelpemidla har noko føre seg.

Toppa fjoråret
Også kunnskapsminister Kristin Halvorsen hadde teke turen til Stord, for å snakke om framtidsplanane for skulen. Det var eit høgdepunkt for lærarstudentane.

– Salen var full og mange ynskte vi hadde hatt tid til fleire spørsmål, fortel Dahle.

Då arbeidet med konferansen tok til i haust vridde studentane hjernen for å toppe fjorårets arrangørar, som fekk sakprosaforfattar, lærar og TV Norge-kjendis Håvard Tjora til Stord.

– Vi greidde det med Halvorsen. Det skal noko til å slå oss til neste år – då må dei nesten få Obama hit, ler Dahle og Larssen.

KULTUR: Idrettslinja stod for nokre av dei ikkje-faglege innslaga under studentkonferansen. Foto: Tora Hope