UiS: – For stor risiko med fusjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For stor risiko med fusjon

Eit samrøystes UiS-styre vedtok søndag å avslutta fusjonsprosessen med HSH.

Sidan februar har Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) vore i fusjonsforhandlingar med Universitetet i Stavanger (UiS). På fredag gjekk fristen for forhandlingane ut, og søndag ettermiddag hadde UiS-styret eit ekstraordinært styremøte.

Universitetsdirektøren ved Universitetet i Stavanger, John B. Møst, tilrådde styret i forkant av møtet å avslutta fusjonsprosessen med HSH.

– Risikoprosjekt
I si vurdering i saksframlegget nemnde mellom anna Møst mangel på semje i ei felles fusjonsplattform innan tidsfristen som årsak.

– Universitetsdirektøren registrerer at det er manglande vilje i HSH til å finna ordningar som styret ved UiS har sett som føresetnad for fusjon og eit innhald i ei felles fusjonsplattform. Vidare tek universitetsdirektøren på alvor den skepsisen som er i fagmiljøa ved UiS for fusjonen, heiter det vidare i saksframlegget

Etter ei totalvurdering meiner universitetsdirektøren at fusjon med HSH vil vera eit for stort risikoprosjekt for UiS og den vidare utviklinga for universitetet.

– UiS-styret har heile tida vore positive til ein fusjon med HSH og ønskte å få dette til. Difor ville også eit flertall i UiS-styret gå ein siste runde med HSH for å få på plass ein felles fusjonsplattform, seier rektor Marit Boyesen i ei pressemelding.

Og søndag ettermiddag gjekk eit samrøystes UiS-styre inn for direktøren sitt forslag om avslutta arbeidet med fusjon.

Ønskjer levande campus
Høgskuledirektør Tage Båtsvik ved Høgskolen Stord/Haugesund meiner ikkje at HSH har vore for kravstore.

– No har me forhandla over lengre tid, men me er ikkje blitt samde. For oss har det heile tida vore eit hovudkriterium at me sikrar ein levande campus på Rommetveit og i Haugesund. At dette skulle koma fram i fusjonsplattforma er ei fane me har halde høgt. Dette har ikkje UiS komme oss i møte med, seier Båtsvik til Sunnhordland.no.

Høgskuledirektøren ser likevel ikkje mørkt på framtida til høgskulen.

– Me står støtt som institusjon på eiga hand, men vegen vidare blir likevel ikkje å insistera på å stå åleine. Me har sett på mogelegheitene ved ein eventuell fusjon med Stavanger, no må me ta diskusjonen om vegvalet vidare, seier Båtsvik til avisa.