– Uakseptable brannfeller

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er konklusjonen i ei risikoanalyse gjort av Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap i samarbeid med Statens vegvesen, skriv avisa Våre Veger.

– Det er viktig å presisere at dette er eit verstefallsscenario som har eit uhyre lågt sannsyn, seier sjefingeniør i styringsstaben i Statens vegvesen, Finn Harald Amundsen, til Våre Veger.

Risikoanalysen har teke utgangspunkt i tenkte branntilfelle i tre ulike vegtunnelar:

1. Ein eldre, langt eittløps fjelltunnel.

2. Ein eldre, bratt, eittløps undersjøisk tunnel.

3. Ein moderne, høgtrafikkert toløps vegtunnel i by.

I alle tunneltypane er det scenarioet at eit vogntog lasta med trevirke tek fyr. Konklusjonen er at flest liv vil gå tapt i ein fjelltunnel (15 personar). I den undersjøiske tunnelen vil 10 liv gå tapt, mot to personar i den moderne toløps tunnelen.

Scenarioa er vurderte blant anna utifrå erfaringane med fire kjente tunnelbrannar: Gudvangatunnelen (2013), Oslofjordtunnelen (2011), Mont Blanc-tunnelen (1999) og St. Gottard-tunnelen (2003).

– Denne rapporten stadfestar dessverre frykta vår og argumentasjonen vår for å gå sterkt imot undersjøiske tunnelar, seier Geir Mo, direktør i Norges Lastebileierforbund.

Han meiner redningskapasiteten i slike tunnelar ikkje har vore tilstrekkeleg til stades.

– Undersjøiske tunnelar med bratte opp- og nedstigningar aukar risikoen fordi ein lettare får varmgang i motor og bremser. Risikoen aukar jo dårlegare og eldre utstyr som blir brukt, som kan vere særleg aktuelt på strekningar med mange utanlandske køyretøy, seier Mo til Våre Veger.

Dei undersjøiske tunnelane på Sunnmøre er Eiksundtunnelen (7.765 m), Ellingsøytunnelen (3.520 m), Valderøytunnelen (4.222 m) og Godøytunnelen (3.844 m).

LES OGSÅ: Her går det nesten gale

Les saka i Møre-Nytt!