≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: tv, Nynorsk

TV 2-anker heidra for nynorskbruk

Nyheitsanker Morten Sandøy får Kringkastingsprisen 2011 for den aktive bruken sin av nynorsk i sendingane til TV 2.

LNK.no
tysdag 22. november 2011 10.24

TV 2-anker heidra for nynorskbruk Foto: TV 2

Juryen i Kringkastingsringen meiner at Morten Sandøy har hatt ansvaret for at nyheitsspråket i TV 2 har fått eit nynorsk preg over seg.

– Det er hyggjeleg å bli lagt merke til i den forstand at det er ein fagleg pris. Eg tolkar det like mykje som ei påskjønning for eit godt språk, som å bruka nynorsk eller bokmål, seier prisvinnaren til TV 2 .

Morten Sandøy har vore i TV 2 sidan oppstarten i 1992, og har vore anker i nyheitssendingane, utanriksreporter og programleiar i Lørdagsmagasinet. (NPK)


Oppdatert: tysdag 22. november 2011 10.24
Kommentarar



 
ANNONSE: