Turnusarbeid kan gjere folk hjartesjuke

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Turnusarbeid farleg for hjartet

Rundt 24 prosent av arbeidstakarane i Noreg, over 570.000 tilsette, arbeider no i turnus eller skift, tre prosent fleire enn i 2009. Ein ny rapport frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami) viser no at slikt arbeid kan gi alvorlege helseskadar, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Forskar: Salt er verre enn tobakk

Å jobbe mot kroppsklokka
Rapporten byggjer på forsking frå heile verda om helseeffektane av skift- og nattearbeid og arbeidsdagar på over elleve timar. I tillegg til søvnvanskar og høgare risiko for å få kreft, diabetes og hjartesjukdommar, doblar skiftarbeidet risikoen for å utvikle psykiske lidingar.

– Rapporten styrkjer det vi allereie visste, nemleg at det er ei påkjenning å jobbe mot kroppsklokka, og at mange tar skade av det. Vi kan samanlikne det med å vere i konstant jetlag, seier forskar Jenny-Anne Sigstad Lie, som har laga rapporten. (©NPK)