Turgåing gjer deg smart

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når du sit stille, blir den elektriske aktiviteten i beinmusklane dine skrudd av. Energiforbruket synk til 1 kalori per minutt. Enzym som bryt ned feitt blir redusert med opptil 90 prosent, og etter to timar har det sunne kolesterolet ditt sunke med 20 prosent.

– Vi har utvikla måten vår å tenkja på gjennom evolusjonen. Som jegerar var vi nøydde til å tenkja strategisk for å kunne felle eit byte som kanskje var raskare enn oss og fysisk overlegne.

Tenkjemåten vår har altså i stor grad utvikla seg medan vi har vore i rørsle. Jegerane hadde ikkje tid til å stoppe og tenkja når han jakta i hælane på eit dyr. Dei var nøydde til å ta beslutninger om korleis dei skulle handle, og dermed tenkja strategisk.

Hjernen vår er laga for å fungere best i ein kropp som er aktiv og som kommuniserer med andre, hevdar Mia Keinänen, forskar ved Norges idrettshøgskule, til forskning.no.

– Det er ikkje berre kroppen som sovnar når du sit, hjernen fungerer òg mykje dårlegare. Når du er i aktivitet derimot, og får opp hjartefrekvensen, blir nevrotransmittarar i hjernen frigjorde, og desse held oss vakne og skarpe, fortel Keinänen.

– Etter eit par minutt stimulerer den fysiske aktiviteten til produksjon av nye nerveceller og danning av nye koblingar i hjernen. Dette er eit perfekt utgangspunkt for læring, seier forskaren.

Rørsle gjev nye tankar
Når du gjer ei roleg, repetitiv rørsle, går hjernen din inn i ein slags avslappingsmodus og skapar såkalla alfabølger. Desse bølgjene gjer at nevronar som sit langt frå kvarandre koblast saman på nye måtar.

Og nye koblingar i hjernen skapar gammabølger, som er dei kraftigaste hjernebølgene vi har. Desse kjem som korte «flash», til dømes når vi kjem på noko vi har tenkt på eit bel. Desse mekanismane og nye koblingene gjev ny innsikt og nye tankar.

Turgåing er spesielt bra for hjernen din, fordi det aukar blodsirkulasjonen og oksygen og glukose som når hjernen din. Turgåing er ikkje anstrengende, så leggmusklane tek ikkje opp ekstra oksygen og glukose som de gjør i løpet av andre former for trening. Medan du går, vil du effektivt gje hjernen din oksygen. Kanskje dette er grunnen til at ein gåtur kan "tømme hovudet" og hjelpe deg til å tenkje betre. Rørsle og trening aukar pust og puls, slik at meir blod straumer til hjernen, aukar energiproduksjonen og fjernar avfall. Studier syner at kan cerebrale blodårer kan vakse i respons på trening, sjølv i middelaldrande stillesitjande dyr.

Betra minnet
Studier av pensjonister som går regelmessig viste klar betring i minne samanlikna med stillesitjande eldre menneske. Dei som gjekk mykje betra òg læreevne, konsentrasjon, og abstrakt resonnement. Risiko for slag vart kutta med 57% hjå personar som gjekk så lite som 20 minutter hver dag.    
Kjelde: Annals of Behavioral of Medicine, August 2001

Springing aukar hjernekapasiteten
Effekta av springeteknikkane som auka hjernekapasiteten var i hippocampus, eit område av hjernen knytta til læring og minne, og kjend for å vere påverka av Alzheimers sjukdom, seier Carrolee Barlow, ein assisterande professor på Salk. "Resultata tyder på at trening kan forseinke utbrotet og progresjonen av enkelte nevrodegenerative sjukdomar."
 
Denne studien byggjer på arbeid i regi av Salk-professor og medforfattar Fred Gage, som syner at springing òg fører til auka tal på hjerneceller i normale vaksne mus, eldre "pensjonist"-mus og ei genetisk "treg-lærings"-stamme av mus. Studia til Gage har synt at ny cellevekst hender i den menneskelege hjernen òg, difor tyder dette på at effektane av å springe kan finnast i menneske òg.
Kjelde: Nature, Aug 20, 1998

Sjølv etter fylte 70 år kan fysisk trening betre minnet og evna til å resonnere.
– Folk som har valt et liv med relativ inaktivitet kan få fordelar mentalt av betra aerob kapasitet. Det er aldri for sent, seier hjerneforskar Arthur Kramer, University of Illinois

Betre skuleresultat

Keinänen meiner skulen treng å inkorporere fysisk aktivitet meir, og då meiner ho i vanleg undervising, ikkje kun som ein del av kroppsøving.

Ho fortel om eit forsøk frå Illinois der elevar fekk tilbod om å gjere aerob trening før undervising i nokre fag. Studentane som valde å gjennomføre aktiviteten oppnådde betre resultat enn kontrollgruppa. I lesing låg dei seks månader føre klassekameratane i utvikling, medan i matte hadde dei mellom to og fire gonger så gode resultat på standardtestar.

– Det syner at fysisk rørsle har større innverknad på læring enn mange er klår over.

Les òg: Aktive tenåringar blir smartare og rikare