Trur nynorsken vil dø ut

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kiese meiner næringslivet i Osterøy gjer rett i å ikkje profilera seg på nynorsk. Hans Geelmuyden, han er ikkje i tvil om kva som er grunnen.

– Dei bruker bokmål fordi nynorsk er eit døyande språk. Me i kommunikasjonsbransjen er opptatt av alt som lever, seier han til Bygdanytt.

LES OGSÅ: – Litt kjekt og litt skummelt

Bygdanytt har sjekka heimesidene til dei 20 største bedriftene på Osterøy, alle med ein omsetning på over 30 millionar kroner. Berre to av dei bruker nynorsk når dei skal presentera seg for kundar på nettet.

Leiar i Noregs mållag, Marit Aakre Tennø, synest det er synd at osterøybedriftene vel bort nynorsken. Ho meiner næringslivet har eit språkleg ansvar.

– Jo fleire som brukar språket, jo meir levande blir det. Me veit at i områda der nynorsken står sterkast, er det nynorsk overalt, også der verksemdene møter omverda, seier ho, ifølgje Bygdanytt.

Litt lenger sør, i Sunnhordland, går også debatten om målforma på lokal reklame. Nettanvarsleg i Sunnhordland.no, Vidar Hope, skriv i ein kommentar at mange sunnhordlendingar ikkje har store nok ballar til å skriva nynorsk.

TA QUIZEN: Skjønar du bokmål?

Kvifor trur du at folk i nynorskområde tyr til bokmål? Kva trur du er framtida til nynorsken?