Trefte med ung treffstad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I samband med Bagjump-arrangementet på Skare gard i Morgedal denne helga blei det også invitert til felles ungdomsklubb for unge mellom 13 og 17 år frå heile regionen.

Ungdomsklubbane i regionen, Helsestasjon for ungdom frå dei seks kommunane, Psykisk helse barn- og unge i Vinje, Tokke, Nissedal og Kviteseid, Interkommunal psykologiteneste i Vest-Telemark og Bygdelivsmeklaren stod i spissen for eit nytt samarbeid som dei vonar kan vidareutviklast til to-tri årlege arrangement for unge i denne aldersgruppa.

Bare positivt
Mellom 80 og 100 ungdomar hadde kome til Morgedal, og VTB registrerte unge frå alle kommunane i Vest-Telemark. På jakt etter nokon som kjeda seg eller var misnøgde nådde bladfyken aldri målstreken.

Tilbakemeldingane VTB fekk i løpet av kvelden var bare positive. Ein kunne konkludere med at dette var eit etterlengta tilbod der dei unge kunne møtest på tvers av interesser og aldrar.

Nytt konsept
Med mål om at ungdom skal knyte kontakt på tvers av kommunegrensene for å skape identitet og tilhøyre til heile regionen, stod arrangørane saman for å skape eit nytt og svært vellukka konsept.

Vaksne med gule vestar var spreidd over heile området for å stå parat til teneste på arrangementet der dei unge sjølve stod for aktivitet og underhaldning.

Ved å arrangere ulike tevlingar på dataspelet Guitarhero, kampen om å bli tøffaste heiagjeng, servere den verste lue eller hjelmsveisen, utøve dei snodigaste triksa på stuntakingkonkurranse, og ikkje minst ved å ta dei kulaste triksa ut frå det digre hoppet ut i kveldsmørkret før ei putemjuk landing, var det nok å sjå på for dei unge.

Flotte premiar kunne arrangørane også lokke med, til dømes var dagspassa for snøbrettparken på Vierli og Gautefall populære.

Med respekt
Vertskapet på Skare, Anne Birgit Sollid og Tor Haugen, er sjølv ungdomsforeldre, positive og stiller den tradisjonsrike og nostalgiske låven til disposisjon for å samle dei unge til ulike aktivitetar. Dei er opptekne av å opprette gode, trygge og rusfrie rammer når ungdom blir samla. Med landskampen på storskjerm i kjellarhøgda, levande ljos og dunkel belysning i mellomstua, og full fart av ulike aktivitetar både ute på jordet og i tredjehøgda fanst det ikkje tid til å keie seg.

Gørild Kanstad frå arrangørane meiner det er glimrande å kombinere ein slik ungdomsklubb med helgas Bagjump-arrangement.

– Det at ungdom får sin eigen kveld på bagjumpen, der dei kan prøve ut triks, vere på ungdomsklubb og «henge» med andre på eigen alder er bare skikkeleg kult, seier Kanstad.

– Frå helsesektoren si side er me interessert i å bidra til tydlege rusfrie rammer slik at foreldre kan ha tillitt til at ungdomane blir tatt vare på. Det er tydeleg at arrangementet blir oppfatta solid sidan foreldre har tatt seg bryet med å skysse dei unge til og frå klubben, og det set me stor pris på, uttala arrangørstaben.

– Heilt fantastisk
Ungdomens helsestasjon var på plass med nyttige tips, materiell og ikkje minst ei open og fritalande helsesyster, Bjørg Unni Vesterdal.

Etter at ho hadde tatt ein prat med trikløveret frå Rauland stoppa me dei for å høyre kva dei meinte om arrangementet.

– Ungdomsklubben her i kveld er generelt kjempebra. Me fekk høyre om han på skulen, og fekk meir informasjon på facebook. Nå har me fått mange tips om sminke og så har me snakka med helsesystera. Det er supert at ho også er med på eit arrangement som dette. Me håpar det blir fleire slike klubbkveldar der ungdom frå heile Vest-Telemark kan møtast, uttala Sigrun Kåsa, Elin Kristiansen og Helene Juvland Ståland frå Rauland.

Helsesystra var også nøgd med kvelden.

– Det har vore heilt fantastisk. Eg har hatt så mange gode pratar med dei unge, og det er mange som har uttala at det er fint å kunne spørje om ting dei lurar på, på ein slik kveld som dette, smiler Vesterdal.

I tillegg til mykje informasjonsmateriell, gjekk det varmt i bollen med kondomar.

– Eg trur eg har delt ut 500 stykk. Det er viktig at ungdom får sjå, høyre om, kjenne på dei og gjere det ufarleg. Med hjelp av humor tar ein tak i eit viktig tema, og den dagen dei treng prevensjon veit dei kva det er, kvifor dei må bruke det og kvar dei får tak i det, seier Vesterdal.

Ho er overbevist om at det er lettare å få kontakt med dei unge på ein klubb som dette og trur at mykje godt arbeid blir lagt ned på ein slik arena.

Fleire av ungdomane meinte at helsesystertilbodet på heimstaden ikkje var så godt som det burde. Nokre av ungdomane fortalde at lange avstandar til helsestasjonen for ungdom var grunnen til at tenesta ikkje blei nytta slik ho burde, men at helsesystera med teieplikt møtte dei på ein slik klubb var midt i blinken. Her kunne dei stille personlege spørsmål utan at det blei for flaut.

– Unge i Seljord og Kviteseid kjenner meg, men dei andre ungdomane har også kome med spørsmål i kveld, og det er eg så glad for. Eg vil gjerne vere med på fleire slike arrangement for å møte ungdomane, smilte Vesterdal.

Nyttige tips
Anne Mette Sollid var på plass for å gje nyttige tips om korleis ein kan sminke seg, noko jentene tydeleg sette pris på. Frå ungdomsklubben starta var det fullsett rekkje framom bordet som bogna av ulike sminkevariantar.

– Dette var moro, det har vore full fart i heile kveld, smilte Sollid.

Nokre gutar var også innom for å høyre på heite sminketips, men me mistenker nok at dette var like mykje i ærend for å sjå nærare på alle dei flotte jentene som blei måla.

Styrde kiosken
Spreidd over tri høgder var det full fart på låven. I kjellaren heldt sjefen sjølv, Anne Birgit Sollid, seg på kjøkkenet for å servere alt frå toast til brus og sjokolade til ungdomane som vitja kiosken.

Tunge vintersko fresa ut og inn, opp og ned trappene, og dei andre vaksne syntest at vertskapet var tøffe som stilte tradisjonsrike lokale til rådvelde for ungdomane akkurat på same viset som lokala framstår ved andre arrangement. Her var ikkje gamle bruksgjenstandar, løparar og levande ljos fjerna frå borda.

Anne Birgit Sollid smilte nøgd over det gode, unge oppmøtet.

– Det er bare moro å samle ungdomane her, og alt har gått kjempebra, konkluderte Sollid og var ikkje framand for at liknande arrangement kunne kome til å skje att på Skare.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!