Tre ungdommar på topp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen vart først publisert i Kvinnheringen

Han har aldri vore representert i kommunale politiske organ, men no vert Johnny Håvik frå Sunde som bur i Røsslandslia, Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat. Han er eit uskrive blad i kommunepolitikken, men har etter kvart opparbeidd seg ei solid erfaring innan organisasjonsarbeid, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Leiaren i nominasjonsnemnda, Arve Opsanger, trur komiteen har funne fram til den rette toppkandidaten til lista ved kommunevalet i 2015.
– Vi ser ingen problem med å velja Johnny som ordførarkandidaten vår, sjølv om han er ung. Han har skaffa seg mykje erfaring i høve til organisasjonsarbeid. Ved siste val var gjennomsnittsalderen på Ap-representantane over 50 år, så her står vi ved eit skilje, seier Opsanger.

LES OGSÅ: Vil ha mindre kjøtprat

Petterson seier ja
Kjell Yri (V) som trekkjer seg frå kommunepolitikken om eitt år, leiar nominasjonsarbeidet i Venstre. Partiet skal ha nominasjonsmøtet sitt om 14 dagar. Her vil nominasjonskomiteen truleg nominera Kent Are Kjørsvik Petterson som partiet sin ordførarkandidat.

– Eg kan stadfesta at eg er blitt spurd om å vera partiet sin toppkandidat, og er innstilt på å seia ja til det. For eit halvt år sidan hadde eg ikkje den same innstillinga, men no er eg klar, seier 30-åringen frå Husnes.

Han er i dag leiar i Kvinnherad Venstre, og styreleiar i Husnes Vekst.

LES OGSÅ: Set Jesus framføre familien

– Det vert tøft
Hans Inge Myrvold stadfestar at han er blitt spurd om å vera Senterpartiet sin ordførarkandidat ved neste val.
– Ja, det kan eg stadfesta, men det er nominasjonsmøtet som bestemmer, seier Myrvold.

30-åringen frå Hatlestrand er forsiktig med å uttala seg for mykje om kandidaturen sitt før etter nominasjonsmøte om tre veker.

LES OGSÅ: – Den store taparen er neste generasjon