Tre pågripne etter Jodel-truslar mot kvinneleg student

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre pågripne for Jodel-truslar

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Trugsmåla vart retta mot ein ikkje namngitt student ved Høgskulen i Volda, skriv politiet i ei pressemelding.

Det var Kripos som tysdag kveld fanga opp eit trugsmål som vart sett fram gjennom appen Jodel.

Applikasjonen let brukarane poste anonyme meldingar på ei digital oppslagstavle. Meldingane blir sett av andre brukarar i same område.

LES OGSÅ: Ingrid (18) reagerte på nettmobbing – Jodel stengde

To raskt pågripne
Kripos sende straks informasjonen vidare til Møre og Romsdal politidistrikt, som raskt klarte å spore opp kva eining trugsmåla kom frå. Etterforskinga tysdag kveld og natt til onsdag knytte tre unge menn til trugsmåla.

To av mennene vart raskt pågripne, men den tredje var vanskelegare å spore opp.

– Då det ikkje lykkast å finne han onsdag morgon, måtte politiet gjennomføre ein omfattande operasjon, mellom anna for å syte for sikring av aktuelle bygningar ved Høgskulen i Volda, skriv politiet.

Samtidig med dette leita politiet etter den tredje mannen på fleire adresser i Volda og Ørsta. Mannen, som er i slutten av 20-åra, vart til slutt funnen i Volda.

LES OGSÅ: Meir angst med digital mobbing

– Drapstrussel
– Innhaldet i meldinga på Jodel er eit svært alvorleg trugsmål retta mot ein kvinneleg student. Politiet har ikkje kjennskap til studentens identitet, og det gjorde situasjonen ekstra utfordrande.

Politiet vil ikkje gå ut med innhaldet i meldinga, men strekar under at ho hadde ein karakter som gjorde at det var grunn til å ta saka alvorleg. Ifølgje Nærnett dreier det seg om ein drapstrussel. Dette er ikkje stadfesta av politiet.

Dei to første som vart pågripne, vart tranporterte til sentralarresten i Ålesund allereie natt til onsdag. Den tredje sit no i arresten på Volda og Ørsta lensmannskontor i Hovdebygda.

Politiet har førebels ikkje tatt stilling til kor vidt nokon av mennene vi bli framstilte for varetektsfengsling. Dette vil bli avgjort etter at dei er avhøyrde.

LES OGSÅ: Meiner nett-troll må få bøter

– Ei trist sak
– Det er ei trist sak. Vi er glade for at dei som ser ut til å ha stått bak truslane er pågripne. Vi set pris på at politiet har teke dette alvorleg, etterforska saken grundig og sikra høgskuleområdet i løpet av dagen. Politiet har heldt oss løpande orientert, og ut frå informasjonen vi har fått frå dei har vi vore sikre på at studentane og dei tilsette har vore trygge, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, til nettstaden til høgskulen.

Møre-Nytt har tidlegare skrive om appen Jodel. Ungdomane Camilla Cenes og Kaisa Storborg Sæbønes gjekk då ut i avisa og åtvara mot mobbing og uthenging i den populære appen.