Trafikkstøy kostar mange leveår

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

WHO-rapport
Utgangspunktet for rapporten frå Folkehelseinstituttet er Verdas helseorganisasjons (WHOs) rapport fra 2011, der det for første gang er sett på samla helsebelasting frå dei viktigaste støykjeldene for landa i EU. Minst ein million år med god helse går tapt årleg, i EU og andre vesteuropeiske land, som følgje av trafikkstøy. Berre luftureining er ei større årsak til helseplager enn trafikkrelatert støy, syner rapporten frå 2011.

Svært mange i EU og andre vesteuropeiske land blir plaga av støy både om dagen og om natta. Så mange som ein av tre er plaga på dagtid, medan ein av fem vaknar om natta av støy.

Å vakne om natta slik ”kostar” heile 900 000 friske leveår i desse landa, syner rapporten.

− Vi har grunn til å tru at det òg er ein samanheng mellom støyplager, avbrote nattesøvn og hjarteproblem, seier forsker Gunn Marit Aasvang, Nasjonalt folkehelseinstitutt (FHI).

WHO dokumenterer òg ein samanheng mellom trafikkstøy og hjarte og karsjukdomar og har rekna ut at 60 000 friske leveår går tapt, kvart år, på grunn av dette. 1,8 prosent av hjarteinfarkta i dei vesteuropeiske landa er årsaka av trafikkstøy, ifølgje rapporten frå i fjor.

Norske tal
Folkehelseinstituttet har hovudsakleg nytta seg av same metode som WHO.

Utrekningane om samanhengane mellom trafikkstøy og helseplager er utført av Folkehelseinstituttet på oppdrag av Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif).

Den totale helsekostnaden knytta til støyplagar og eksponering for trafikkstøy er kvantifisert ved å rekne ut tapte friske leveår (Disability Adjusted Life Years, DALYs).

Ulike helseplager
Sterk støyplage og søvnforstyrrelser utgjer årleg 4512 og 10 245 tapte friske leveår.

Hjartekarsykdom eller død som kan knyttast til trafikkstøy kan summerast til om lag 198 tapte friske leveår.

− Tala er urovekkende, men det er svært viktig at vi får talfesta korleis støy frå trafikk påverkar liva og helsa til folk. Det gjer at vi kan vere meir treffsikre i arbeidet med tiltak og verkemiddel for å redusere trafikkstøy, seier Ellen Hambro, direktør for Klif.

Støy er definert som ureining og er difor ein del av Klifs ansvarsområde. Regjeringa har utarbeidd ein nasjonal handlingsplan mot støy for å nå dei nasjonale støymåla. Mange av tiltaka i handlingsplanen er knytt til å redusere støy frå vegtrafikk. Klif samarbeider tett med blant anna Vegdirektoratet for å følgje opp handlingsplanen.

Støyreduserande tiltak
Regjeringa har mål om å redusere støyplagen med 10 prosent innan 2020 i høve til nivået i 1999. Talet på personar som er utsett for støy over 38 desibelar innandørs skal reduserast med 30 prosent innan 2020, i høve til 2005.

Nesten 1,5 million menneske i Noreg er utsett for trafikkstøy som overstig tilrådingane, det vil seia over 55 desibelar.

− Den viktigaste årsaka til at så mange menneske plagast av støy er at vegtrafikken aukar samstundes som fleire menneske buset seg i trafikktette og støyutsette område, seier Ellen Hambro.

Les òg: − Øydelegg idyllen i bygardane

Samansett problem
Søvnuroing kan liggje bak mange av helseplagene som kan knytast til trafikkstøy. Utilstrekkeleg søvn er bunde saman med å vere søvnig, ha nedsett sinnsstemning, redusert yteevne og auka reaksjonstid, noko som aukar risiko for ulykker.

Søvnmangel over ein lengre periode heng saman med auka risiko for angst og depresjonar. Vidare er det påvist samanhengar mellom utilstrekkeleg søvn og auka risiko for diabetes type 2, overvekt og hjertekarsykdom.

Delen av hjartekarsykdom som kan skuldast trafikkstøy er svært usikker, men er i dette oppdraget estimert til cirka 0,6 prosent. Trafikkstøy er aldri ein enkeltfaktor i utvikling av hjertekarsykdom, men kan utgjere eit bidrag til høg risiko for utvikling av sjukdommen.

Behov for meir kunnskap
Sjølv om det etter kvart er fleire studium som syner ein samanheng mellom trafikkstøy og auka risiko for hjartekarsjukdom og høgt blodtrykk, er ikkje dette klart, slik at det må sjåast på som førebels estimat.

− Folkehelseinstituttet har pågåande forskningsprosjekt for å få meir kunnskap om dette, seier Gunn Marit Aasvang, forskar ved Folkehelseinstituttet.

Det er enno behov for meir kunnskap om langtidsverknader av trafikkstøy og kva for grupper som er mest sårbare. Vidare er det behov for å få ei større forståing av moglege mekanismar som ligg bak langtidseffektar.

Les òg: Vil forby for høg musikk
 

Faktaboks

Støyreduserande tiltak i trafikksamanheng kan vere:
• Legging av støysvake vegdekke
• Tiltak for auka sal av støyreduserende bildekk og køyrety
• Lågare fartsgrenser
• God praksis i samsvar med støyomsyn ved planlegging av ny busetnad og ny veg
• Støyskjerming og fasadetiltak
• Regulering av vegtrafikk gjennom døgnet