Topp stemning!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grunnen til at det tok så lang tid å komme fram til ei løysing i denne saka, er at slike forhandlingar er beinharde og krev alt ein har av politisk kløkt, kompromissvilje og kreativitet.

Du veit kanskje ikkje så mykje om kva som går føre seg når politiske parti forhandlar, men det gjer eg. Eg skriv nemlig i avisa. Så eg veit alt.

Så la meg opplyse deg.

Forhandlingane tok lang tid, fordi det skulle svært mange forslag og skisser til løysingar til før ein kom fram til noko alle kunne stå for. Eg har sjølvsagt sett alle forslaga og alle skissene.

LES OGSÅ: Dei meiner det sikkert godt. Særlig

Det er ei kjent sak at Frp allereie for lange sidan prøvde å få til ein avtale om at KrF og Venstre får det som dei vil i denne saka, mot at dei lover å ikkje kjefte så altfor mykje på justisministeren.

Mindre kjent er det at dette forslaget kom først etter at Venstre og KrF hadde forkasta eit anna forslag frå Frp om at Knut Arild Hareide og Trine Skei Grande skulle stryke Anders Anundsen mildt på ryggen, sjå ømt på han og seie offentlig at «Det må vere vanskelig å vere justisminister».

Etter denne runden lanserte KrF og Venstre sitt motforslag: Anders Anundsen og Frp innrømmer at dei har gjort feil, og at KrF og Venstre er skikkelig hyggelige parti med rak rygg og sunne haldningar. I tillegg skal Anundsen og Siv Jensen rydde etter landsmøtefesten til Venstre, og seie offentlig at Abid Raja har ein ganske snerten replikk.

No innsåg regjeringssjef Høgre at tida var inne for å blande seg inn, og dei lanserte følgjande forslag: Kva om KrF, Venstre og Frp berre tek seg ein bolle og finn ut av dette utan å mase så mykje med det, og så kan vi vaksne som faktisk vann valet halde fram med å styre landet?

Ingen unntatt Høgre gjekk med på dette. Så Høgre kom med eit nytt forslag, der også Høgre gir litt:

KrF, Venstre og Frp løyser dette utan å plage Høgre med det. Til gjengjeld lover Erna Solberg å smile truverdig på pressekonferansen der kompromisset blir presentert.

Ingen av dei andre partia trudde på at dette var mulig.

LES OGSÅ: Slik byrja asylbarn-saka

KrF og Venstre lanserte så følgjande kompromissforslag: KrF og Venstre får det som dei vil, Frp rettar opp feila sine, takkar Venstre og KrF for hjelpa og lover å berre seie fine ting om samarbeidspartia i alle fall fram til neste val.

Dette gjekk naturligvis ikkje Frp med på. I staden lanserte dei det dei kalla ei mellomløysing:

KrF og Venstre får det som dei vil i asylbarnsaka. Til gjengjeld har Per Sandberg, perifere Frp-representantar og ektefellane deira lov til å kalle KrF og Venstre stygge ting i fjorten dagar. For eksempel: «Filleparti», «tulleparti», «blaute», «vingleparti», «små, søte raringar», «sullikar», «sutreparti» og «gamle».

KrF og Venstre gjekk ikkje med på dette. Så FrP la fram ei ny skisse:

KrF og Venstre får det som dei vil i asylbarnsaka, så lenge dei lover å ikkje vere så jævla cocky.

Venstre og KrF gjekk ikkje med på dette. KrF reagerte dessutan på språkbruken.

Frp tok sjølvkritikk for språkbruken, og lanserte i staden dette forslaget:

KrF og Venstre får det som dei vil i asylbarnsaka, så lenge dei lover å ikkje vere så jævla fornøgde med seg sjølve. 
Dette hjalp ikkje. Det neste forslaget var slik:

Regjeringa skal vere grei mot nokon, men bli litt mindre grei mot andre.

Etter nokre rundar med omskriving, gjekk alle med på dette forslaget.

Så begynte dei å diskutere kven som skulle stå kvar på pressekonferansen. 
Det var det som tok tid.

LES OGSÅ: Vil at innvandrarar skal få læra nynorsk