Tok farvel med Madrid og fekk jobb i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tok farvel med Madrid

Klokka er 11.00 i det ein smilande bussjåfør kjem køyrande i elbilen sin til Nobina på Vabakken på Stord. Denne torsdagen kjem ho ein times tid tidlegare enn vanleg for å møte lokalavisa. Ho har fri fram til klokka 12.00. I løpet av den neste timen fortel ho sin historie.

– Du må ta bilete av meg og Kåre Dalsgård! Han er tidlegare sjømann og snakkar litt spansk. Eg lærer han litt spansk og han lærer meg litt norsk, seier Castro Tineo.

Frå Lima til Madrid

– Eg vart fødd i Lima i Peru, og vaks opp og gjekk på skule der. Eg studerte litt administrasjon, men foreldra mine hadde ikkje økonomi til å gje meg universitetsutdanning.

– Då eg var 19 år gammal var eg i kontakt med ei venninne i Madrid i Spania. Ho fortalde meg om ein jobb som gjekk ut på å passe ei jente på to år. Det var på ein måte som ein au pair. Såleis hadde det seg at eg flytta til Spania, fortel Castro Tineo.

Castro Tineo helsar velkommen om bord.

Møtte ektemannen

Ho valde å bli verande i Spania.

– Det er slik at personar som er spansktalande, og som kjem frå tidlegare spanske koloniar, kan søkje spansk statsborgarskap etter fire år i landet. Det gjorde eg, og difor har eg både peruansk og spansk statsborgarskap, forklarer ho.

Etter eit par år i den spanske hovudstaden fekk ho seg ny jobb som servitør på restaurant. Sidan jobba ho ei tid i butikk, og etter kvart fekk ho seg ny restaurantjobb, denne gongen kokkeassistent.

Ho møtte ektemannen sin på jobb. Han jobba som kokk på restauranten. Etter kvart slutta dei begge i jobbane sine på restauranten og tok sertifikat på tyngre køyretøy. Begge fekk seg jobbar som sjåførar.

Madrid-Barajas

Castro Tineo arbeidde i om lag fire år som sjåfør for fleire selskap. Hennar siste sjåførjobb i Spania hadde ho på Madrid-Barajas lufthamn. Dette er den internasjonale flyplassen i Madrid. Madrid-Barajas er den 15. største flyplassen i verda med omsyn til passasjertal. I 2014 reiste over 29 millionar passasjerar via flyplassen.

– Eg køyrde transport av flymat til fly på flyplassen. For om lag fire år sidan var det økonomisk krise i Spania. Veldig mange mista jobben sin, og det gjorde også eg.

Venninne i Siggjarvåg

Castro Tineo har ei venninne frå Peru, Betty Enciso Kvilhaug, som er gift med ein nordmann og bur i Siggjarvåg. Mirtha hadde høyrt mykje fint om Noreg. Ho vurderte om det kunne vera aktuelt å flytte til Oslo og søkje seg jobb på Gardermoen.

Ho pakka kofferten og reiste åleine på vitjing til Siggjarvåg. Ho vart godt motteken, og det vart fire fine maidagar på Bømlo. Castro Tineo fekk vera med på fisketur, og fekk oppleve kor fint det er her vest. Sidan reiste ho heim og diskuterte framtida med mannen sin. Fire månader seinare valde dei å bryte opp i Madrid, selde bustaden sin og flytta til Bømlo.

– Noreg er eit vakkert land med vakker natur. Ja, eit fantastisk land.

På jobb for Nobina

Tineo Castro har alltid likt å studere, og ho studerte også litt administrasjon i Spania. Problem med å kombinere jobb og studiar gjorde likevel at ho måtte prioritere jobben. Etter at familien flytta til Bømlo byrja Tineo Castro på Bømlo vaksenopplæring.

– Lærarane der og rektor Kari er veldig kjekke, seier ho. I tida ho gjekk på vaksenopplæringa hadde ho mellom anna arbeidspraksis på Svortland skule.

Etter åtte månader med norskopplæring sende ho CV-en sin til det lokale busselskapet.

– Då byrja mitt eventyr i Nobina, seier ho med eit stort smil. I starten fekk ho tilbod om å vera vikar, og sidan har ho jobba for selskapet.

Gode kollegaer

– Eg hugsar første turen eg hadde under opplæring. Eg køyrde til Urangsvåg. Eg var litt nervøs, men eg hadde ein god lærar i Per Asgeir. Det var spennande å køyre buss på smale vegar, ler ho.

Første veka køyrde ho også buss til Katla, også kjent som elddåpen for nye bussjåførar på Bømlo.

– Eg er veldig takksam overfor Nobina som har gitt meg jobb, og alle kollegaene mine som har hjelpt meg, seier Mirtha Castro Tineo.

Bussjåføren seier ho er glad i å køyra buss, men ho legg ikkje skjul på at det er litt kjekkare å køyre buss om sommaren enn på vinterføre. I dag køyrer ho for det meste på Stord, men ho køyrer også ved høve tur-retur Fitjar og Svortland.

– Eg likar veldig godt å jobbe i Nobina. Det er eit stort busselskap, og eg har mange gode kollegaer. Eg treff kjekke menneske frå mange land. Det er mange kvinnelege bussjåførar i Noreg. Det er kvinner som køyrer buss i Spania også, men det er fleire her.

Tek fagbrev

Castro Tineo har alltid vore oppteken av utdanning. Ho seier det er viktig for ho å følgje opp skulegangen til dei tre barna deira, som er ni og elleve år gamle. Sjølv går ho på norskundervisning to kveldar i veka, ein kveld på Bømlo og ein kveld på Stord. Målet er å ta ein norskprøve som opnar for høgare utdanning. Ho er også i gang med å ta fagbrev i transport og logistikk i Haugesund.

– I juni skal eg ta fagbrevet. Det blir ikkje lett, men eg håper det skal gå bra. Eg treng å studere mykje meir.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Trivst på Meling

I dag bur familien på Meling, og der trivst dei. Castro Tineo fortel at dei har kjekke naboar og har fått gode vener på Bømlo.

– Eg likar å involvere meg og lære om norske tradisjonar. Eg håper eg skal lære meg å gå på ski. Eg har ikkje prøvd det enda, ler ho. Av og til tek ho turen til Stord internasjonale kulturklubb (IKK) der ho treff mellom andre Maria Hernandez.

– Saknar du Spania?

– Jo, det er klart eg saknar Spania, men no har eg flytta to gongar, og me trivst veldig godt på Bømlo. Eg ønskjer å leve heile livet her, men ein veit aldri kva framtida vil bringe.

Les saka i Bømlo-Nytt!

Faktaboks

Frå 1990 til 2014 kom det over 230.000 arbeidsinnvandrarar til Noreg. Ein av ni kom frå Europa.

I Sør- og Aust-Europa er arbeidsløysa blant unge stor. I Spania har til tider over halvparten av alle unge under 25 år vore arbeidsledige. I desember var talet 46 prosent. Berre Hellas, med 48 prosent, hadde større arbeidsløyse blant dei unge i Europa.