To nei og ein kamp som held fram

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skuldar ja-sida for løgn

– Dei var jo menneske på ja-sida òg, men dei hadde meir pengar, meir ressursar, meir pengar og ein meir brutal framgangsmåte, seier Dag Seierstad.

I boka «Folket sa nei» skildrar han EU-kampen som eit slag mellom folket og elitane, der folket til slutt vann. Han går kronologisk til verks, og byrjar allereie på 1960-talet, med opptakta til den første EU-kampen, som enda i folkerøysting i 1972. Vidare skildrar han striden om EØS-avtalen, den nye EU-kampen på byrjinga av 1990-talet og til slutt korleis det har gått etter at folket endå ein gong takka nei til EU i 1994.

Test deg sjølv: Kva veit du om EU?

Sanninga – sett frå ei side
Seierstad er rådgjevar for Sosialistisk Venstreparti (SV) i EU- og EØS-saker, og æresmedlem i Nei til EU, så boka er utan tvil ført i pennen av ein overtydd nei-mann.

– Det er nok meir nytt her for dei som røysta ja enn for dei som røysta nei. Det er viktig å få fram sanninga om den norske EU-historia. Det hadde vore interessant om Europa-rørsla kunne kome med ei liknande bok med si side av historia, men det kjem me ikkje til å få, seier han til Nynorsk pressekontor.

Han meiner likevel at boka tilfører noko til historia om EU-kampen.

– Dette er den første framstillinga av det som hende i perioden 1990 til 1994. Då visste ein at det ville verta ein ny EU-kamp, sjølv om det ikkje var sagt, og nei-sida tok til å organisera seg.

LES OGSÅ: Europeisk Ungdom har fått stemmerett i EU

Skrønene frå Arbeidarpartiet
I boka kjem han med harde utfall mot toppane på ja-sida i 1994. Mellom anna hevdar han at både Gro Harlem Brundtland, Thorbjørn Jagland, Grete Knudsen og Yngve Hågensen serverte folket løgner i rein desperasjon i vekene før folkerøystinga i 1994. Brundtland skal til dømes ha vore overdrive negativ i omtalen av investeringsviljen til norske verksemder om det skulle verta nei.

– Eg trur nok ikkje Gro vil vera samd i at ho som statsminister laug til det norske folk, men alle sitata eg har brukt i boka er riktige, seier Seierstad.

LES OGSÅ: Brundtland får ny taiwansk pris

Sterke distrikt
Professor i statsvitskap og valforskar Bernt Aardal, meiner folk i distrikta spelte ei avgjerande rolle for å sikra nei-fleirtal i både 1972 og i 1994.

– Det er vanskeleg å peika på ei einskild årsak til at nei-sida vart så sterk, men ein viktig dimensjon er forholdet mellom sentrum og periferi, seier han.

Årdal hevdar at det allereie frå siste halvdelen av 1800-talet vart bygd opp alliansar mellom ulike grupper i distrikta. Då EU-kampane kom, var folk med ulike verdiar og interesser dermed vande med å samarbeida tverrpolitisk på ein annan måte enn dei nasjonale elitane.

– Landbruks- og fiskerinæringane var viktige aktørar ved begge folkerøystingane. Dei gjekk saman med dei byradikale, fagrørsla og kristelege grupperingar i ein brei allianse av interesser som allereie var flinke til å organisera seg.

For ja-sida var samarbeidet vanskelegare, meiner Årdal. I ja-partia Høgre og Arbeidarpartiet var mange skeptiske til å samarbeida på tvers av partigrensene. Ofte framførte dei to partia motstridande argument for EU-medlemskap. Høgre kunne til dømes seia at medlemskap var viktig for fri flyt av kapital, medan Arbeidarpartiet sa at det var viktig for å ha kontroll med den same kapitalen.

LES OGSÅ: EU er imot norsk ostetoll

Ei eiga røyst i verda
Korleis ville Noreg i dag sett ut om det hadde vorte ja til EU? Gjennom EØS-avtalen er Noreg forplikta til å innføra mykje av EU-politikken uansett, og diskusjonen og om korleis Noreg skal stella seg til resten av Europa tek ikkje slutt.

– Det er ikkje sikkert at så mykje ville vore annleis enno. Men målet for dei som ynskjer seg EU-medlemskap er jo at det skal vera for alltid. Eg er særleg oppteken av Noregs talerett i verda. Kven orkar vel å engasjera seg for at EU-skal visa solidaritet med utviklingsland? Det vert fjernt for dei fleste, men at norske politikarar skal visa solidaritet med desse landa, det går det an å bry seg om, meiner Seierstad.

Tidlegare Senterparti-leiar og «Nei-dronning» Anne Enger er glad for bokutgjevinga.

– Det er veldig verdifullt at denne boka har vorte laga, og at det er nettopp Dag Seierstad som har gjort det. Dette er ei gåve til nei-rørsla, og ho viser breidda i EU-motstanden. Dessutan er det er ei viktig bok både historisk og for framtida, seier ho. (©NPK)


I 1992 var det EØS-avtalen striden stod om. Også då tok motstandarane til gatene. FOTO: NTB scanpix / Morten Holm / NPK