Tipp ei nyheit!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Tipp ei nyheit!

Omtrent ein gong i året skriv eg denne spalta i utlandet. Litt for å få Noreg på avstand og få perspektiv på ting. Og mest fordi eg liker å gjere eit altfor stort på poeng ut av at eg er på ferie når andre ikkje er det. Slik at du, kjære lesar, ser meg for deg, med laptopen i fanget på ei strand, kanskje, med ein paraplydrink som blunkar til meg og ventar tålmodig til eg er ferdig.

Sånn er det naturligvis eigentlig ikkje. Men det er greitt om du er misunnelig likevel.

Når ein sitt slik og gjer andre folk misunnelige og har heimlandet på trygg avstand, då kan det vere på sin plass å spørje seg: Kor godt kjenner eg eigentlig dette heimlandet? Det har eg prøvd å finne ut denne veka, på følgjande måte: Medan eg har gått omkring her i sjølvaste utlandet, utan norske nyheiter, så har eg kvar dag notert ned kva eg trur er den store nyheita i Noreg denne dagen. Og så skal eg no, når eg er ferdig med lista, gå inn på nettet og sjekke om eg hadde rett.

Og så skal eg ta den paraplydrinken, sjølvsagt. Det er uhøflig å la slike vente for lenge.

Her er nyheitene eg har tippa frå Noreg denne veka:

Eit av dei bittesmå partia på Stortinget har sagt noko for å minne folk om at dei framleis finst og framleis meiner akkurat det du trur dei meiner. Kanskje har KrF for eksempel gått inn for at kristendom framleis skal vere ganske viktig i folks liv. Eller kanskje har SV gått inn for miljø og mot krig. Eller kanskje har Senterpartiet gått inn for at kvar mann og kvar kvinne skal få vere sin eigen kommune. Sannsynligvis har det bittelille partiet diskutert dette med eit av dei ordentlige partia som ikkje har tatt dei spesielt alvorlig.

Sannsynligvis har nokon i Frp sagt noko ganske oppsiktsvekkande om innvandring som Siv Jensen ikkje har kommentert.

Kanskje er det nokon som forhandlar for å sleppe streik, og bruker unødvendig lang tid på å bli ferdige. Og ser veldig alvorlige ut.

Kanskje har folk frå mars med åtte bein tatt over slottet. Det var trass alt første april denne veka.

Sannsynligvis er det no debatt om kvifor ingen ser norsk tippeliga-fotball. Kanskje meiner Senterpartiet at problemet er at for mange av kampane blir spelte på store plassar, KrF meiner tippeligaen ikkje er kristen nok og SV meiner fotballen har blitt for kommersiell. Dessutan er krig feil. Og ein eller annan i Frp har sagt noko om alle utlendingane i norsk fotball som Siv Jensen ikkje har kommentert.

Sannsynligvis har ikkje Siv Jensen sagt noko særlig i det heile tatt denne veka.

Kanskje har det blitt innført eit forbod mot bruk av smarttelefonar på offentlig plass. Det har trass alt vore første april denne veka.

Sannsynligvis har Bent Høie sagt noko han eigentlig ikkje meiner.

Det har vore premierar på nokre ting som nokon liker, men ikkje alle.

Det har nok komme fram at ein artist som er ganske gammal til å gå kledd sånn skal spele på ein festival i Noreg i sommar.

Kanskje har Jens Stoltenberg ombestemt seg, takka nei til NATO-jobben og bestemt seg for å satse fullt og heilt på curling. Det har trass alt vore første april denne veka.

Det har nok vore nokre ein del nyheiter om vêret. Om at det er vår. Eller at det ikkje er vår. Eller noko.

Sånn. Det var det. Det var mine nyheitstips. Nå skal eg sjekke dei faktiske nyheitene. Så skal eg halde fram med ferien. Det hastar litt. Paraplydrinken har begynt å peike på klokka og himle med auga.

Ok. No har eg sjekka dei faktiske nyheitene og samanlikna dei med lista mi. Hadde eg rett? Kjenner eg heimlandet mitt?

Nei. Ikkje heilt. Og det er greitt.

Jadå, paraplydrink, eg kjem no.
 

Først publisert i Aftenposten 5. april.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!