Tine vil ha fleire økobønder

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Nationen har Tine sendt e-post til alle mjølkebønder i område der dei har moglegheit til å hente og produsere økologisk mjølk. Målet er at talet på økobønder skal aukast med 40, ein oppgang på 15 prosent.

– Våre analysar viser at vi treng å rekruttere mange nye produsentar fram mot 2018 og 2019. Dette er ikkje eit korttidsprosjekt, det tek tid å legge om, seier Johnny Ødegård, Tine-direktør for rådgiving og medlem, til avisa. Bønder får tilbod om rådgiving ved ei omlegging av drifta, i tillegg til offentleg tilskot.

– Med auka produksjon kan prisdifferansen mellom økologiske og andre matvarer minke. Den er for stor i dag, seier Aina Bartmann, rådgivar i Økologisk Norge (Oikos) og prosjektleiar for Landbrukets Økoløft.

(©NPK)