Tine sel “melk” frå nynorske kyr

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå nyåret har Tine levert mjølk frå gardar i den regionen der forbrukarane bur. Tine tek på alvor at folk helst vil ha mjølk frå nærområdet, men bryr seg ikkje om språket til bønder og forbrukarar. Berre éin av tjue gardar er presentert på nynorsk, og alle dei fire gardane frå region Vest ligg i nynorskkommunar.

– Heilt uforståeleg, og ein stor reklametabbe. Med berre éin av fire vestlandsgardar presentert på nynorsk, syner Tine at dei ikkje forstår kor viktig språk er for lokal identitet, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Våren 2009 kjempa Mållaget for å behalde "TineMjølk" på kartongane. Då var det viktig for Tine å ha same mjølkekartongar i heile landet, samstundes som dei skrytte av å bruke nynorsk på mindre produkt med lokal forankring.

Skummamjølk på nynorsk
Noregs Mållag har no bede om møte med Tine for å få ei nærare forklaring på kvifor dei bruker så lite nynorsk på mjølkekartongane.

Dei fire gardane som er utvalde til å pryde mjølkekartongane på Vestlandet, er Brekke gard i Oppstryn i Stryn kommune, Kringla gard i Naustdal kommune, Sagstad gard i Meland kommune og Sæleset gard i Norheimsund i Kvam herad.

Berre den sistnemnde, på ein skummjølk-kartong, vert presentert på nynorsk.

På Tine sine nettsider er det fullstendig nynorskfritt, der vert alle gardane presenterte på bokmål.

Tine: – Målforma ganske viktig
Olav Håland, kommunikasjonssjef for Tine Vest og Tine Sør, seier målforma er ganske viktig for Tine.

– Me ønskjer å bruka nynorsk, og gjer det allereie i dag på ein del av produkta våre, seier han.

Kva tid det blir meir enn skummamjølk å få på nynorsk vil Håland førebels ikkje seia. Men etter at Tine no har innført eigen emballasje for mjølka for kvar av dei fem regionane sine, vil det vera lettare å variera.

– I vest er nynorsk viktigast, og der må me ta ei løpande vurdering av kva målform me bruker på dei ulike produkta, seier han.

Kva smakar best: melk eller mjølk?