Tindefilm med verdsstjerne på laget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vikebladet.

Duoen Tor Sivertstøl, tidlegare TV-fotograf i NRK, og Hilde Nerland, har no fått med seg to nye medeigarar i produksjonsselskapet Tindefilm AS. Ingen ringare enn Kristoffer Hivju, som er mest kjend for rolla som Tormund Giantsbane i den etter kvart superpopulære HBO-serien «Game of Thrones», og forloveden Gry Molvær Hivju, tidlegare journalist i NRK Møre og Romsdal og programleiar for Schrödingers katt på NRK.

LES OGSÅ: Ei veke som uteliggar

– Dei har gått inn som partnarar i selskapet, og er no fullverdige medlemmar av Tindefilm. Vi er veldig glade for å få med oss to som har så solid erfaring og kunnskap på laget, seier selskapet sin grunnleggjar, Tor Sivertstøl, til Vikebladet Vestposten.

Han slutta i fjor i jobben som filmfotograf i NRK, etter 18 år i kanalen. Han er mest kjend for å ha vore den trufaste kameramannen til legendariske Oddgeir Bruaset, då han spelte inn den populære NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», over mange sesongar. Den første produksjonen til Sivertstøl gjennom selskapet Tindefilm var dokumentaren «Lysleite», ein film han og Hilde Nerland mottok Gullrutens fagpris for.

LES OGSÅ: Ein vellukka pøbel

To gonger Hivju inn
No har Sivertstøl og Nerland alliert seg med to solide fagpersonar til, som begge gler seg til å bidra i selskapet.

– Vi har med stor glede og engasjement gått inn med en tredel i Tindefilm. Vi meiner selskapet har svært sterke kvalitetar – og ein heilt særeigen estetisk signatur som vi gledar oss til å vere med å utvikle vidare, seier Gry Molvær Hivju og Kristofer Hivju i en kommentar.

Tor Sivertstøl meiner nettopp bakgrunnen til dei to nye partnarane blir viktig for selskapet sin veg vidare.

– Det er to svært dyktige personar vi har fått med oss. No har vi ei avdeling i Sande, der eg held til, i Molde, der Hilde (Nerland) held til, og i Oslo, der ekteparet Hivju held til. Det blir ikkje stort betre enn det, seier Sivertstøl og flirer.

LES OGSÅ: Vann med film om indisk fighter

Jobba saman før
Tor Sivertstøl og Hilde Nerland har kjent kvarandre lenge, heilt sidan begge jobba i lokalt-TV i Molde. Tor er hovudsakleg fotograf, og Hilde er dagleg leiar og produsent. Gry Molvær Hivju blei Tor kjent med då dei begge jobba i NRK Møre og Romsdal på slutten av 1990-talet.

– Eg har kjent Gry i årevis. Vi har same måten å gjere ting på, og vi kjem til å jobbe godt i lag vidare, det er eg sikker på.

Så har også forloveden hennar vore med på nokre prosjekt, og det er ikkje kvar dag ei Hollywood-stjerne blir med og satsar i eit mindre norsk produksjonsselskap.

– Det er stort å også få med Kristoffer, både fordi han er ein svært dyktig fagmann, men også fordi han har mykje erfaring. Det spørs kor mykje han får hjelpt til no i starten, i og med at han er veldig i vinden for tida. Men, han er dedikert, og vi samarbeider godt i lag, seier Sivertstøl.

Kristoffer Hivju er mellom anna aktuell i storfilmen «Birkebeineren», som har premiere i 2016. Innimellom speler han også inn nye sesongar av suksesserien «Game of Thrones».

LES OGSÅ: Overlevande med film om Roskilde-tragedien

«Bit Ballerina Bulldog»
Det neste på programmet for Tindefilm er «Bit Ballerina Bulldog». Ein film der Tor og co følgjer Karen Bit Vejle, ein psaligraf, eller ein som driv med papirklippekunst. Filmen har premiere under Bergen Internasjonale Filmfestival 26. september.

– Den handlar om ei utruleg fascinerande dame, kanskje den dyktigaste papirklippekunstnaren i verda. Karen har budd i Trondheim sidan slutten av 1980-talet, men flytta i fjor tilbake til Danmark, der ho vaks opp. Vi har følgt ho i snart to år, og denne filmen er eit resultat av det.

Gry har regien på filmen, Tor er fotograf og Kristoffer har stått for manuset.

– Vi sat på Sula og redigerte i heile mai. Vi har ein fin dynamikk i vårt vesle team, og eg meiner det blei ein bra film.

Filmen vart, av 50 aktuelle filmar, plukka ut som ein av dei ti som blir vist under hovudprogrammet.

– Dette blir stor stas. No ser eg fram til vegen vidare, med to nye på laget, fortel Sivertstøl til slutt.

Ballerina Bulldog from Karen Bit Vejle on Vimeo.