Tilbyr kunnskapsshopping

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Studvest.

– Dokumenthandel.no er ein kunnskapsplattform der studentar kan kjøpe og selje studienotat seg imellom, forklarar Johan Henrik Kintzell Frøstrup, ein av tre bak den nystarta nettsida.

På portalen kan studentar legge ut eigne notater for sal, og enkelt og greitt finne fram til relevante dokumentkjøp uansett studieretning.

– Vi vil hjelpe studentar til ei smartare og meir effektiv studietid. Deling av dokument er allereie utbredt, vi set dette i system, seier André Storøy.

– I tillegg kan flinke studentar, som har lagt mykje tid og energi i notata sine, tene nokre ekstra kroner. Noko som nok kjem godt med i eit trongt studentbudsjett, legg Michael Stornes til.

LES OGSÅ: Studieframtida er på nettet

Ei ekstra hjelp
Dei tre gründerspirene har arbeida med nettsida i over eit år. Kartlegginga av fag og studieretningar, på eit stort utval av landets universitet og høgskular, tek tid. I tillegg måtte dei finne eit trygt transaksjonssystem for kjøp og sal.

– Ein har 14 dagars reklamasjonsrett. Stemmer ikkje dokumentet overeins med dokumentbeskrivinga eller er feilaktig, får ein sjølvsagt pengane tilbake, seier Storøy.

Dei understrekar at dette ikkje er ei erstatning av ordinær undervisning, men eit supplement til pensum.

– Det er ingen grunn til at studentar no kan bli late. Men i tunge pensum kan det vere greitt å sjå kva andre medstudentar har tenkt. No kan dette bli tilgjengeleg for alle, og ein er ikkje avhengig av å ha den største vennekretsen for å få tak i dei beste dokumenta, seier Kintzell Frøstrup.

LES OGSÅ: Gutar juksar mest

Ingen snarveg
Professor ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Bergen, Arild Raaheim, er for kunnskapsdeling, men har ingen sans for denne formen for kjøp og sal.

– Eg forstår at business-studentar ser dette som ein mogleg marknad, men kunnskap er ikkje ei salsvare som skal omsettast i ein offentleg og uregulert marknad, seier han.

– Det ligg allereie mykje studieinformasjon ute til alle som ønskjer det, så eg ser ikkje den store pedagogiske gevinsten av å få tilgang til «alle» sine meir og mindre personlege og uautoriserte oppsummeringar av undervisning. Her er og ei openbar fare med at studentane heller kan lese andre sine oppsummeringar, enn eige pensum. Det er ingen snarvegar til kunnskap og forståing, seier Raaheim.

LES OGSÅ: UIB med nytt klima-nettkurs

Først i Norge
– Dokumenthandel.no held forbrukarane sjølv ansvarlege for bruken av dokumenta, men har eit omtalesystem som åtvarar andre mot dårlege kjøp. I tillegg går vi igjennom og kvalitetssikrar dokumenta etterkvart som dei blir publisert, og ser etter krenkande innhald, plagiat og liknande, seier Storøy.

Dokumenthandel.no er den første portalen i Norge som skal samle eit så stort dokumentutval av fag og studieretningar. Men for at kunnskapsportalen skal fungere må studentane ta den i bruk, legge ut notat for sal eller etterspør dokument.

– Vi veit det finnast noko liknande i USA og Nederland, så her er ein marknad, seier Kintzell Frøstrup.