Til kamp for ungdommen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tony Eriksen meiner at foreldre må snakka med ungane sine om første mai og rettane deira i arbeidslivet. 27-åringen var den første som tala ved LO sin 1. mai-frukost på Stord hotell. Han fokuserte på dei unge i arbeidslivet og kva dei veit og ikkje veit om arbeidarane sin dag.

– Me har sett veldig mange dårlege kontraktar i handel og kontor-bransjen. Dei unge bli overkøyrt, og veit ikkje at dei blir det, seier Eriksen.

Han vil at foreldre skal spør om å få sjå kontrakten til ungane sine, og om foreldra ikkje har kunnskap om rettane, må dei søka den opp.

– Eg føler at ungdom er b-laget i samfunnet. Dei tek seg ikkje sjølv på alvor, og dei vaksne tek dei ikkje på alvor. Då får me ikkje ei god samhandling. Eg meiner at dei vaksne må vera mykje flinkare til å inkludera dei unge. Elles skapar me ein ukultur, seier han.

Vil påverka og involvera

Eriksen som er Ungdomskontakt i LO Sunnhordland, nestleiar i ungdomsutvalet i Fellesforbundet Sunnhordland og tillitsvalt på Kværner Stord veit kva han snakkar om. Torsdag feira han første mai for første gong.

Jorge Del Pino (brun jakke) haldt snora til Fagforbundet-fana medan Svein Roger Koppang spela trompet saman med Sagvåg skulekorps. Foto: VILDE HJERTHOLM LUNDE

– Eg er ein av dei som ikkje brydde meg ein gong i tida. Eg har vore der sjølv, så no ser er kor viktig det er å ha ein kampdag, seier han.

I fjor sommar var han med i Sommarpatruljen til LO.

– Hordaland hadde ein veldig stor prosentdel med juks. Dårlege kontraktar og dårlege arbeidsforhold. Dei tilsette me snakka med visste ikkje om rettane dei hadde.

No vil Eriksen ha større involvering frå ungdom.
– Eg trur at den vaksne generasjonen undervurderer ungdom veldig. Ungdom har innverknad og påverkingskraft. Me kjempar for å få plass til å kunne påverka og involvera, seier han.

Fridom og fellesskap

Tor Eivind Djuve frå Norsk Folkehjelp snakka om retten til å organisera deg i andre land. Til slutt tok Magne Rommetveit (Ap) mikrofonen, og starta med å snakka om temaet for årets 1. mai, som er «Fridom i fellesskap».

– Det skal vera mogleg å bli det du vil, gjera det du vil og seia det du vil. Me veit at me står sterkare når me står saman. For kva fridom har du til å delta i samfunnet dersom du ikkje har ei inntekt, og kva fridom har du til å vera saman med barnet ditt dersom ikkje jobben lar deg ta permisjon, spør Rommetveit. Stortingspolitikaren klarte ikkje å la vera å kritisera regjeringa i 1. mai-talen sin.

– Den regjeringa me har no, trur på eit anna samfunn. Siv Jensen er mest stolt av at regjeringa har fått på plass skattekutta, fordi ho meiner at skattekutt gir folk fridom. For vanlege lønsmottakarar tyder det 3–4000 i året. For dei aller rikaste, tyder det mange titals tusen i året. For oss handlar fridom om andre ting, som å kunna velja å la ungane våre gå i ein trygg barnehage, gode skular og ta den utdanninga dei sjølv vil, seier Rommetveit.

Ekstraordinært oppmøte

Etter frukosten som samla fleire enn i fjor var det tid for tog. Men det var andre ting enn det strålande solskinet og blå himmel som stod på fanene. Over hundre lærarar frå Stord, Bømlo og Fitjar gjekk under parolen «Stopp KS si rasering av skuleverket – ja til sentral arbeidstidsavtale», seier Marit Himle Pedersen i Utdanningsforbundet Stord.

Ho fortel at det store oppmøtet er heilt ekstraordinært, og er eit teikn på lærarane sitt sterke engasjement kring tarifforhandlingane med KS som enda med brot 30. april.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!