Tidenes største Syden-tur

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi forstår sjølvsagt at det er irriterande. Men det gir vi faktisk blaffen i. For dette har vi fortent. Og då må vi få lov til å ta litt av.

Det er ikkje ofte vi som skriv i avisa i Norge faktisk har noko å skrive om. Det er ikkje ofte vi får sjansen til å avsløre noko som faktisk er noko å avsløre. Det går i el-syklar og bilar med piggdekk. Nokon har sendt inn eit skjema for seint. Nokon bruker eit uheldig ord i eit svar, og nokon frå ein profesjonelt humørlaus organisasjon reagerer på det. Folk latterliggjer oss som skriv i avisa. Dei ler av oss fordi vi er pompøse og sjølvhøgtidlige og trur vi er viktige sjølv om vi berre skriv om sexlivet til skodespelarar. Slik er kvardagen vår. Og slik har den vore lenge.

Når vi då endelig får fingrane i eit tonn med lekkasjar frå skatteparadis, og store norske statseigde bedrifter er involverte, i tillegg til internasjonale rikingar, statsleiarar og fotballstjerner, då må vi få lov til å ta litt av.

Dette er ordentlige greier. Skikkelige avsløringar. Av mektige menneske. Dette er ikkje dill. Dette er faktisk artiklar som folk er interesserte i å lese fordi innhaldet er interessant.

Og då forstår vi sjølvsagt at det er irriterande at det i fjerdekvar setning i desse artiklane står at dette er «tidenes største journalistiske graveprosjekt». Sjølvsagt er det irriterande at vi ikkje klarer å skrive meir enn to setningar før vi må minne om at dette er «tidenes største dokumentlekkasje». Sjølvsagt er det unødvendig å heile tida mase om at dette er «tidenes største journalistiske dugnad», og at vi her jobbar saman med dei tøffaste journalistane overalt i heile verden. Og det hadde sikkert vore fint å få sleppe denne endelause oppramsinga i kvar einaste artikkel av kor mange journalistar som har lese kor mange dokument i kor mange timar for å avsløre kor mange politikarar og kor mange statsleiarar i kor mange land. Sjølvsagt er det unødvendig av oss å skryte av kor mykje større dette er enn Wikileaks. Og sjølvsagt er det unødvendig å utstyre alle artiklane med ein dritstilig logo der det står «Panama Papers».

Vi forstår alt dette. Og vi gir blanke.

Vi veit det er unødvendig. Og vi veit at det ikkje gjer artiklane betre eller meir truverdige. Vi veit godt at det ikkje er folk som har noko å skryte av, som skryt mest. Vi veit at det er ikkje dei mest demokratiske republikkane i verden som kallar seg «Den demokratiske republikken Eitelleranna». Vi veit at det ikkje er dei som snakkar sant, som heile tida seier: «Det er sant, altså. Eg lover!»

Og sjølvsagt: Dersom du skal avsløre dei store gutane, så er det stiligare dersom du ikkje sjølv så openbart er stolt av å få lov til å leike med dei store gutane.

Vi forstår alt dette. Men vi klarer ikkje la vere.

Dette kan vere den einaste gongen i livet vi får sjansen til å avsløre noko så stort saman med dei tøffaste kollegaene i verden, som jobbar i land der det er ordentlig korrupsjon og farlige folk. Sjølvsagt har vi tenkt å skryte av det.

Og høyr då: Panama Papers. Kor tøft er ikkje det? Panama Papers. Det er engelsk. Det høyrest hemmelig og skummelt ut. Og litt Syden-aktig ut, noko vi gjerne understrekar med å ha palmeblad i bakgrunnen på mange av artiklane. Og så begynner begge orda med same bokstav. Kor tøft er ikkje det? Det høyrest ut som ein film. Tru meg, når ein skriv i ei norsk avis, då er det ikkje mykje som høyrest ut som ein film.

Tenk på han eine i kompisgjengen som aldri får seg dame. Før den turen til Syden. Endelig. Då må han få lov til å skryte av det? Og gå litt for mykje i detalj? Du unner han då det?

Eller er du heilt iskald?


Først publisert i Aftenposten 9. april.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!